Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2011

Poesi og dokument er fellesprosjekt
Lørdag 29.

Oppfølgje tema - Cornelius Jakelln
Lørdag 22.

Elskhug over
Fredag 21.

Oppfølgje tema - Synne Lea
Onsdag 12.

Kolon ny linje
Fredag 7.

Dans og feber
Onsdag 5.

Dikt i selskap
Lørdag 1.

Onsdag 5. Januar 2011

Dans og feber

* Lyrikar og rutinert kritikar Arne Hugo Stølan har skrive Dansefeber. Fleire dikt i denne boka har tittelen ”Dansefeber”. Andre dikt vil ha konkrete titlar som ”Selskapsdans”, ”Ringdans”, ”Dansetrinn”, ”Saksedans” og ”Diskoteket”. Det siste diktet har forlaget servert som smakebit på baksida av omslaget. Det handlar om sentripetalkrafta mot sentrum frå discoen («den tynne, lyshåra») og sentrifugalkrafta motsett etterpå hos eg-personen i diktet.

Dette er den første diktboka om dans hos oss, og ho vil håpefullt møte eit takknemleg publikum. At denne boka kjem i 2010 først, medan temaet er velkjend lenge og til og med nyter ei stor og varig medieinteresse, tyder på at norsk lyrikk har vore utruleg konservativ.

Dei fleste store temaer i liva våre er først komne inn i lyrikken sin fulle tryllekrins dei aller siste fem åra. Og typisk nok har dette ikkje vore tatt konsekvensen av i media eller hos den enkelte litteraturkritikar.

No skal eg sitere eit dikt av Stølan (frå side 43). Dette diktet syner drivet hos Stølan og artige lån frå ei rekkje kjelder, blant anna eit dikt skrive av ein rullestolbrukar, meiner eg, eit dikt som eg fekk sett på diktsidene i Dagbladet. Her er Stølan:



DANSE MED RULLESTOLER


Jeg står og ser inn i kraftverket av svette kropper og snurrende hjul,
stupbratte hårnålssvinger uten bremsespor, forsiktighet og vikeplikt
erstattet av øyeblikksintuisjon og dristige tohjulsføringer på kanten
av fallgrensen: jeg står godt, men hun tar meg inn i ringen, fører og
svinger og drar meg fram og tilbake gjennom smidige buer inn og
ut av latterkulene løsner hun fotarbeidet mitt og støter en livlig strøm
gjennom armene våre, stolen og henne gjør ingen forskjell, hoftene
hennes store rullende deilige, hva trenger vi for å danse, et par hjul,
et dunkende hjerte, befridd for kroppens kjøremønstre, virvler vi
rundt og rundt i store gjennomskinnelige rom utenfor institusjonene





_________
Ps 9/1-2011:
Dei fleste dikta i Dansefeber er mellomstore, slik dei fleste dansar også er. Sjangeren er lyriske dikt, prosadikt og andre sjangrar, Det absolutt minste diktet i boka er det seine diktet ETTER DANSEN:



På parkeringsplassen
nedenfor garasjen den sorte
bandbussen
mørklagt, lydtett
og søsteren min: hvorfor kommer hun ikke ut?



Dans er utan tvil av det viktigaste som er. Dette syner Dansefeber. Eller som ei offentleg dame sa til ein tilsnakkande mann: «Du kan gjere kva du vil med meg, men ikkje danse!» Det høyrer med til samanhengen i Dansefeber - kanskje overraskande for nokon - at boka rommar religiøse bilete. Men det viktigaste fann eg i ei bokmelding av Ida-Sofie Solberg Stryken frå Gudbrandsdølen Dagningen:
«Som samlingens tittel antyder, kan diktene forventes å være i bevegelse. Forventningen innfris. Diktene er ordrike, men knappe nok; de glir aldri ut. Det er denne balanse-gangen som skaper spenning og bevegelse, sammen med det fortellende, og de mange dansemetaforene.(...)»