Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2011

Poesi og dokument er fellesprosjekt
Lørdag 29.

Oppfølgje tema - Cornelius Jakelln
Lørdag 22.

Elskhug over
Fredag 21.

Oppfølgje tema - Synne Lea
Onsdag 12.

Kolon ny linje
Fredag 7.

Dans og feber
Onsdag 5.

Dikt i selskap
Lørdag 1.

Lørdag 1. Januar 2011

Dikt i selskap

Les folk dikt i selskap? Både i går og i dag har det komme akutt mange treff inn på denne nettstaden via søkeorda «dikt nytt år» eller «dikt nyttår». Mange treff på kort tid, og ikkje fordelte utover, slik som vitjingane i november og desember via det stadig hyppige søkeordet «juledikt».

Og det som eg undrast over, er om folk bruker det som dei finn på nettet til selskap eller samkome, skjer dette på julebord eller i juleavslutningar, eller kva kan det vere for høve? Elles er nye dikt på papir eit medium som ikkje blir søkt av mange. Og dette faktumet har blitt kommentert igjen av mediefolk på slutten av året.

Vel. Her har eg fått eit lite dikt - med spørsmål - av Ivar Orvedal, eit dikt som eg ikkje har sett før. Ivar Orvedal er vel ein medieperson. Diktet er slik:


i forbifarten
ta seg tid til å stogge opp


ved verdens ende


slik vakker høgde
kven kan det vere
som har gitt staden namn