Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2010

Douglasgrana i botanisk hage
Mandag 29.

Enklare liv?
Lørdag 27.

Ekornet og den vaklevorne brua
Torsdag 25.

Samtaler med en sauebonde
Tirsdag 23.

Kjære deg, min kjære
Onsdag 10.

Mandag 29. November 2010

Douglasgrana i botanisk hage

Ny bokmelding er lagt ut, Halvard Foynes si diktsamling: Douglasgrana i botanisk hage. Fleire av diktsamlingane som eg har omtalt eller meldt, har det tatt tid å byrje på, fordi eg har grudd meg til å komme i gang; anten fordi boka var gitt ut på eit forlag som eg sympatiserer med, eller ført på mitt eige forlag, eller eg også har nølt av andre utanforliggjande årsaker. Bøker sendt frå forlag tar eg ikkje imot, fordi eg er uavhengig og byggjer på biblioteket sine innkomne verk.

Det kan også vere at eg nøler med å omtale ei bok fordi boka er komplisert for meg eller fordi eg likar dikta dårleg. Men skal eg vere uavhengig, må eg vel også operere med eit nokolunde representativt utval av den gode lyrikken, ikkje berre muntre opp debutantar eller hegne om min eigen gode generasjon. Iallfall er formålet med nettstaden å prove at måten eg les lyrikken på, den fører fram. Og denne måten har røter i 1960-åra, sjølvsagt, i 1960-åra si avantgarde-tenkjing.

Her er lesinga av Halvard Foynes si nye .

Dei tre andre som eg har meldt i november, ser du lenke til på lista til høgre. Desse tre er: Mona Høvring, Terje Thorsen og Levi Henriksen. Trykk for all del på Nytt oktober, så finn du ei rekkje meldingar. Osv.