Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2010

Douglasgrana i botanisk hage
Mandag 29.

Enklare liv?
Lørdag 27.

Ekornet og den vaklevorne brua
Torsdag 25.

Samtaler med en sauebonde
Tirsdag 23.

Kjære deg, min kjære
Onsdag 10.

Lørdag 27. November 2010

Enklare liv?

Kva gjer livet enklare? Eg hugsar frå barndomen at WC-en og vaskemaskina gjorde livet enklare for oss. For meg er det ganske opplagt at sag og hammer og drill gjer hushaldet lettare. Kva med jula? Kanskje gjer jula livet enklare for dei fleste? No snakkar eg om livet.

«Julekatalogen for 2010» annonserer med enklare liv, dvs både ny varmesåle, fotvarmepakkar, handvarmar, leggmasserar. Vi blar deretter vidare til tre nye produkt: nakkemasserar, teknisk fotmasserar, samanleggbar sil - . Kløktige oppfinningar er dette, trur eg, men kanskje likevel samanlagt medverkande slik: at med fleire nye alternativ i haugen av apparat - så blir det for mykje å passe på.

Sjå her! Med bakteriedrepar-etui til tannbørsten og søvnrytmeklokke dreg ein det langt, tvert imot gjer ein livet komplisert og keisamt.

Forsvinn ikkje somme av bakteriane av seg sjølve? Vel, isen la seg iallfall på fjorden i går, så vi måtte ta rennefart med båten for å komme gjennom - . Den kalde novembermånaden er komplisert med omsyn til oppvarming av hus: varmepumper og vind og fyring og fyring.

Korleis har dyra det? Den som har eit godt tilhøve til fuglane og dyra i naturen, har det bra - og eit enklare liv, trur eg. Diktaren Halvard Foynes kan svare på dette i den nye boka si, Douglasgrana i botanisk hage, som du skal få høyre meir om. På side 43 seier han (på slutten av eit dikt):
(...) Vi som er mennesker elsker det enkle ved livet;
rytmen i musikken, språket i språket, alvoret i leken.
(...)
For å låne undertittelelen på Enklere Liv sin julekatalog 2010: «Ting du ikke visste fantes til utfordringer du vet du har.»