Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2010

Douglasgrana i botanisk hage
Mandag 29.

Enklare liv?
Lørdag 27.

Ekornet og den vaklevorne brua
Torsdag 25.

Samtaler med en sauebonde
Tirsdag 23.

Kjære deg, min kjære
Onsdag 10.

Torsdag 25. November 2010

Ekornet og den vaklevorne brua

Uvanleg tittel for ei nyskrive diktbok, ikkje sant? Eg spør. Svaret er at vi har å gjere med konsept-litteratur i Mona Høvrings diktbok av året. Og dessutan går handlinga her atter og atter tilbake i tid, til barndomstida og til resultata av eit foreldretap. Opningsdiktet er slik:



DEN VESLE KIRKA OG HAVET


Husker du da vi sløste med vannet, jente?
Vi var nennsomme, hjertene våre skvulpa mildt
da vi etterligna gudinnene, skyene smelta,
Månedene rant ut av kalenderen, alt var bevegelig og vått.
Hva minna disse dagene om?
De nervøse korallene? Det i oss som brytes ned?
Husker du da vi kunne navna på alle bølgene,
og alt det salige?
Vi var i ferd med å vokse opp, lille jente,
vi ba om beskyttelse for mødrene våre,
og for fornuften.
Og seinere, da vi gikk oss vill,
var det av rein forpliktelse.


Det som startar her i dette diktet, det tiltar og veks utover i boka.
Konseptet i boka er ulike nyskapte blandingar:
1. Blande moralske omskrivingar, ”forblomma” uttrykk og etikette-vendingar og setimentalitetsfaktorar heilt frå 1800-talet og enda eldre språk (altså eit radikalt anna stilideal enn moderne diktspråk), blande alt dette med kontante samnorskformer som ligg forfattaren nære gjennom dialekten, eksempelvis skvulpa, smelta, navna, seinere, rein (- lånte berre frå diktet sitert over).

2. Blande vanlege moderne diktformer i rytme med religiøse vendingar (Jfr. undertittelen på boka: ”Dikt og salmer”. Det er snakk om bruk av klisjéar, slik denne finst i religiøse tekstar, og det klisjéaktige er nettopp eit poeng i konseptet.

3. Blande - og sjå kva som skjer! (Her brukte eg elles TV2s reklamespråk.) Dette vil vere opp til lesaren, delvis, å kjenne på. I konseptkunsten er heilskapen enda viktigare enn detaljar og utføring. I konseptet til Høvring blir vel handlinga i teksten noko nedtona, eller retusjert, til fordel for ein ønska kvinneleg sanseleg ståstad. Poesiens stille svar på Einar Gelius, ville eg tru, den aktuelle forfattarpresten Gelius (som eg veit har rett i sine hovudteser gjennom den mykje omtalte Sex i bibelen). I Gelius-boka er også heilskapen viktigare enn dei vitskapelege detaljane, ville eg tru, utan å ha lese boka enno.


* Bibelen har eg lese også i nyare tid. Ein annan poet med rikdom av det sensuelle - og som har nytta skuffar av bibelspråk - er Ellen Einan. Her er ein festival-gjennomgang frå 2006 . Men Einan er kanskje kunstnarleg meir bibelkritisk når alt kjem til alt.