Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2010

Leiande norsk forlag
Onsdag 27.

Kjønnsidentitet
Mandag 25.

Poetikk-kveld
Fredag 22.

Eit menneske er inga øy
Torsdag 21.

Gruva som verda veit om
Fredag 15.

Kristine Næss på cd
Onsdag 13.

Hitler og utdanna menneske
Mandag 11.

Stavkirkedikt
Lørdag 9.

Bertrand Besigyes nye
Fredag 8.

Shuntaro Tanikawa
Torsdag 7.

Mandag 25. Oktober 2010

Kjønnsidentitet

Norsk lyrikk har har bydd på eit forholdsvis nytt tema i år, menneske sin skiftande definerte kjønnsidentitet, og no på ein meir kontant fysisk måte også i dikt. Frå musikken (bl.a David Bowie og Grace Jones) kjenner vi androgyni, frå film og TV kjenner vi transvestisme. I norsk poesi har ikkje skiftande kjønnsidentitetar hatt stor plass. Og poetane kan velje korleis temaet skal brukast. I denne notisen skal eg så vidt nemne to døme og konstatere at det er eit stort sprang mellom debutanten Mads Skjørberg (i Fra gutten som sto ved elven på Aschehoug) til røynde Tarald Stein (i Frikar på Tiden).

Slik er avslutningsdiktet hos Mads Skjørberg: Slå sprekk i noe



Tre på, tre på tolv
tre inn i mitt hus
med hundre geiter
og alle maskene de bærer på

nå trår du på tregulv
og trær er alt som vokser her
så ikke let forgjeves
jeg er alt som er


Tarald Stein debuterte i 2008 med Framandkar, som eg har melding av her, av Mariann Enge i Aftenposten . Oppfølgjaren frå i år - Frikar - har ein beslekta tematikk. Kritikarane likar kjærleiksdikta, sjå sitata her . Eg har ikkje boka hans her no, slik at eg kan sitere eit dikt, men eg er samd i at Stein fornyar dei erotiske kjærleiksdikta.