Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2010

Leiande norsk forlag
Onsdag 27.

Kjønnsidentitet
Mandag 25.

Poetikk-kveld
Fredag 22.

Eit menneske er inga øy
Torsdag 21.

Gruva som verda veit om
Fredag 15.

Kristine Næss på cd
Onsdag 13.

Hitler og utdanna menneske
Mandag 11.

Stavkirkedikt
Lørdag 9.

Bertrand Besigyes nye
Fredag 8.

Shuntaro Tanikawa
Torsdag 7.

Torsdag 21. Oktober 2010

Eit menneske er inga øy

heiter det hos John Donne, dvs hos barokkpoeten som har fått ei større gjendikting av Åsmund Bjørnstad. Christian Resum i Morgenbladet er begeistra, og dette fører til denne ingressen:
En sans for sex, rytme og vidd, koblet med stor intellektuell ballast, gjør at John Donnes dikt virker like friske i dag.
Og heile bokmeldinga kan du lese her .


*
Kor finn ein tryggleik, i følgje Donne? Meditasjon nr 19: Oh, to vex me, contraries meet to one (ja, både originalane og gjendiktingane er i boka) lyder slik:
Å, kvifor er mitt sinn så samansett -


Å, kvifor er mitt sinn så samansett -
mi vingling avlar, på naturleg vis,
ein usvikeleg vane, at kjem eg i skvis,
då svik eg tru som truskap - det går lett.
Så gjer eg bot, og gløymer like greitt
som i profane forhold og forlis;
i gåtefulle hugkast, eld, så is,
no alt, så inkje; innstendig, så eitt feitt.
Den himmelen eg knapt våga sjå i går,
får smeik i fagre ordelag i dag:
I morgon skjelv eg for hans domarstav,
For mine fromme rier kjem og går
som feberfantasier, men mest trygt
har eg dei dagar då eg frys av frykt.