Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2010

Leiande norsk forlag
Onsdag 27.

Kjønnsidentitet
Mandag 25.

Poetikk-kveld
Fredag 22.

Eit menneske er inga øy
Torsdag 21.

Gruva som verda veit om
Fredag 15.

Kristine Næss på cd
Onsdag 13.

Hitler og utdanna menneske
Mandag 11.

Stavkirkedikt
Lørdag 9.

Bertrand Besigyes nye
Fredag 8.

Shuntaro Tanikawa
Torsdag 7.

Fredag 15. Oktober 2010

Gruva som verda veit om

Redningsaksjonen for dei forulykka gruvearbeidarane i Chile utvikla seg etter kvart til ei spektakulær mediesak. La gå at den konservative presidenten i Chile hadde stort behov for å framstå som ein handle-kraftig mann og venn. La gå at lovverket i Chile, som ein gong var kontinentet sitt fremste demorati i fleire hundre år, framleis ber preg av diktatorstyret etter militærkuppet i 1973, som USA initierte. La gå at media, ikkje minst dei amerikanske media, har sin eigen filmagenda osb. osb.

Eg kan likevel ikkje fri meg frå at arbeidarane i den samanraste gruva synte noko som vil vere eit føredøme for menneske over heile kloten. Og i ein slik redningsaksjon, så har arbeidarkollektivet, same kva den valde presidenten elles står for, stor interesse av å samarbeide med statsmaktene maksimalt om den næraste oppgåva, som er å berge livet til alle som ein - .

Eg skreiv derfor eit kanskje uvanleg mediedikt. Dette diktet kom raskt i lokalavisa mi midt under bergingsprosessen, men eg høyrde ikkje noko frå ei Osloavis om det same diktet, eg sende det også til dei.


Dei kjem opp


Redningsmannskapet
er så glade
to månader isolerte
etter ras i gruva
- og dei 30 kjem ut

Dei såg glade ut der nede
Dei 33 kjem opp 700 meter
Også eg er glad
Det er jobba for dei 33
heile verda følgjer med
gruvedrift er riski over alt
Onsdag kjem dei opp
snart kjem dei ut i lyset
gjennom Atacama-ørkenen
Sperra inne av ras og
ventetid fram til jul
men det tok kortare tid
Familiane får gåver
San José – ting går bra
Vi passar på kvarandre
i gruva hjelper dei verda
med organisasjon
Ubåt-folk gir støtte
Ting går bra, meiner eg