Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2010

Leiande norsk forlag
Onsdag 27.

Kjønnsidentitet
Mandag 25.

Poetikk-kveld
Fredag 22.

Eit menneske er inga øy
Torsdag 21.

Gruva som verda veit om
Fredag 15.

Kristine Næss på cd
Onsdag 13.

Hitler og utdanna menneske
Mandag 11.

Stavkirkedikt
Lørdag 9.

Bertrand Besigyes nye
Fredag 8.

Shuntaro Tanikawa
Torsdag 7.

Mandag 11. Oktober 2010

Hitler og utdanna menneske

Kranglinga går vidare om danna menneske sin innsats i massemord. Debatten blei sett i gang av Kjartan Fløgstads roman i fjor - Grense Jacobselv - og held fram etter Stein K.T.Sørensens essay i tidsskriftet Vagant (2/2010): «Djevelen i musikken».

Var dei intellektuelle leiande eller underordna i dei store planane om åtak, kolonisering og utsletting? Og kva slags utryddingstradisjonar finst under imperialismen - ? No i nyaste Vagant (3/2010) står mange debattinnlegg og lesarbrev om dei utdanna si rolle. Verkeleg lesverdig.

Og når eg sjekka underskriftene på bidraga, fann eg: lektor i filosofi, ein litteraturkritikar, ein forfattar, ein redaktør, ein ordforskar, ein sosiolog, altså ulike fagfelt. Noko som eg sjølv liker å få vurdert - og får vurdert - er den tyske humanismen i gullalderen med Kant, Goethe, Schiller m.fl.

*

Essayet i Vagant går grundig inn på Fløgstads roman og den yngre fransk-amerikanske forfattaren Jonathan Littell sin roman De velvillige.

Sørensen siterer Fløgstad: «Etter å ha levd i en forestillingsverden, som mange andre, om at den tyske nazismen var et produkt av pøbelveldet, har det vært et sjokk å oppdage i hvor stor grad nazismen faktisk var et eliteprosjekt.(...)»

Debatten har mange presieringar som eg ikkje kan følgje opp i eit Nytt-notat. Og av og til kan også mange presiseringar i eit stort stoff skygge for alvorlege mistak...

__________
__________
Her er Vagant