Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2010

Leiande norsk forlag
Onsdag 27.

Kjønnsidentitet
Mandag 25.

Poetikk-kveld
Fredag 22.

Eit menneske er inga øy
Torsdag 21.

Gruva som verda veit om
Fredag 15.

Kristine Næss på cd
Onsdag 13.

Hitler og utdanna menneske
Mandag 11.

Stavkirkedikt
Lørdag 9.

Bertrand Besigyes nye
Fredag 8.

Shuntaro Tanikawa
Torsdag 7.

Lørdag 9. Oktober 2010

Stavkirkedikt

Eg ser føre meg ein poet som er interessert i stavkyrkjer. Eller ein person som er interessert. Kven er ikkje det? Stavkyrkjer er middelalderkyrkjer i tre, og det finst ein del av dei. Dei verkar både særeigne og frammande og mystiske i dag, iallfall små og mørke å komme inn i. Eg skjønar godt at denne poeten, som eg tenkjer meg, blir inspirert til å skrive eit dikt. Denne poeten kunne vere Jo Eggen. Det er Eggen. Men han nøyer seg ikkje med eitt dikt, han vitjar fleire av desse kyrkjene - og etter kvart alle dei bevarte stavkyrkjene i Noreg. Om Eidsborg stavkyrkje (i Tokke), som eg sjølv kjenner godt, skriv han:

Eidsborg stavkirke, sponforkle-forkledd



La det suse og synge rundt størrelse og krefter!
Det måler ubestemmelig
det dekker og forvirrer
det soper i bakken
dragetenner, drageskjell
det drypper tjæreseigt
ei jente med trestakk
med konger i magen
med katter i ragget
forkler og forgjør
Gjeterjenta har med seg
nabokirka i forkleet


Det kjem heilt ulike og også interessante dikt ut av desse reisene til Jo Eggen, gjennom tre år. Dikta gjev lesaren mykje å tenkje på, trur eg, iallfall skjer dette med meg. Og eg undrar meg over poeten sitt gode konseptuelle opplegg for verket sitt - . Kva skjer så på Grip, øya som ligg verhardt til langt ute i havet?

Veggen, Grip stavkirke



Kjempenyperosestormer,
fulle kronbladlepper, vottebølger,
sitroner, pærer, druer danser;
livsforsikringsoverfloden vogger
fra furuplanker som kom roende
fra den reddende Margareta
fra tyrkermonstret under foten
barneskummer klasker trygt
fra ulik tid i telgd og tagd
fra treskrin-sagt
fra treløst-salt


Slik definerer wikipedia ei stavkyrkje (sitat):
«En stavkirke er en kirke bygget av tre med en bærende konstruksjon av staver (stolper) som står på liggende sviller eller syllstokker og bærer stavlegjer. De konstruktive leddene i veggen danner rammer med en utfylling av stående planker eller tiler. Stavene har gitt navn til kirketypen.»
Og i kveld blir Jo Eggen tatt med på Oslo poesifestival, under eit arrangement kl 21 (laurdag, Caféteateret) .




Ps 8/3-2011:
Her skulle det vere ei lenke til NRK2s Diktafon-program med Jo Eggen 4/3.