Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Sep 2010

Eldrid Lunden frå Naustdal
Lørdag 25.

Forfattartypar
Tirsdag 14.

Victoria Durnak flyttar
Søndag 12.

Conrad Nicolai Schwach 9/9
Mandag 6.

Landeplage av Lene Marlin
Onsdag 1.

Lørdag 25. September 2010

Eldrid Lunden frå Naustdal

Eg har aldri vore i Naustdal, men i Førde, Jølster og Stryn. Og Naustdal er ingen ukjend plass. Av og til har eg tenkt på korleis det er i Naustdal, for det finst ei rekkje svært sjølvstendige naustdalingar. På denne tida feirar Naustdal søskena Kåre Lunden og Eldrid Lunden - 80 og 70 år blitt - respektive historikar og poet, aktive. Og eit par av dei aller mest sjølvstendige kunstnarane som Noreg har fostra, kjem nett frå Naustdal, eg tenkjer på Kjartan Slettemark og Oddvar Torsheim. Kva er det med akkurat denne vestlandskommunen?

Eldrid Lunden, som har budd og jobba i Bø, Telemark, i lang tid, blir forresten feira i Oslo på Litteraturhuset 1.oktober; og mange frå nord og sør kan delta i denne feiringa om ei knapp veke. Ei brei feiring av dei to søskena skjer så i Naustdal ei veke seinare... Ein kar frå Naustdal som i stor grad sameiner det poetiske og det historiske, er Arild Stubhaug . Og nyleg vitja han Skien med foredrag om Conrad Nicolai Scwach.



Her er eit intervju som Dag og Tid - ved Inger N. Bråtveit - hadde med Eldrid Lunden i 2003.

Følgjande skreiv Reidar Ekner heilt nyleg på nettstaden sin:
Hustru Eldrid fyller 70 den 5 oktober, och lämnar nu sin tjänst som ledare för det framgångsrika s.k. Författarstudiet vid Högskolan i Telemark (Campus Bö), vilket hon var med om att starta vid den dåvarande Distrikshögskolan för 29 år sedan.
EL, sedan några år Professor i skrivekunst, kommer den 1. oktober att hyllas både för sin framstående gärning som lärare, och för sitt betydelsfulla författarskap. Evenemanget äger rum i Storsalen på Litteraturhuset vid Slottsparken i centrala Oslo, med början kl. 18.00. Som inbjudare står Högskolan i Telemark, Eldrid Lundens förlag Aschehoug & Co (W. Nygaard), och en grupp tidigare elever. En festskrift, som är klar för tryckning, kommer att föreligga före 1 oktober.
I festboka deltar eg med skildring av generasjonen til Eldrid Lunden og skriv om somme av elevane hennar frå forfattarstudiet. Her.