Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Sep 2010

Eldrid Lunden frå Naustdal
Lørdag 25.

Forfattartypar
Tirsdag 14.

Victoria Durnak flyttar
Søndag 12.

Conrad Nicolai Schwach 9/9
Mandag 6.

Landeplage av Lene Marlin
Onsdag 1.

Tirsdag 14. September 2010

Forfattartypar

I ein artikkelserie for Klassekampen undersøker journalist Ronny Spaans ”forfattartypar”, dvs kva gjer forfattarane meir enn å skrive bøker, og han finn at mange av debutantane i år jobbar i forlag eller syslar med lansering, med publisering på anna vis. Blir dette i så fall eit lukka miljø? Eg tenkte på forfattartypar da eg kom over cv-en til Ottar Ormstad, der den siste delen frå 2009 og 2010 ser slik ut, med verket «lyms»:
* Vist video ”lyms” på e-poetry2009, den internasjonale festivalen for elektronisk poesi, Barcelona
* Vist video ”lyms på Oslo Open 2009 og på Oslo Screen Festival 2010
* Vist video ”lyms” på Kurye Video Festival, Istanbul 2010
* Vist video ”lyms” på den fjerde festivalen til the Electronic Literature organization, Brown University, Rhode Island, USA 2010
* Vist video ”lyms” på Mono/Norsk forfattersentrum, Oslo 2010
* Vist video ”lyms” på Hove musikkfestival, 2010
* Vist video ”lyms” på ELMCIP seminar, Universitetet i Bergen 2010
* Vist video ”lyms” på Zebra poetry film festival, Berlin 2010

Ottar Ormstad opererer i eit grenseland mellom kunstartane. Han er ikkje tilsett i noka norsk forlag, så vidt eg veit, og han oppnår etter kvart eit internasjonalt publikum med sin elektroniske poesi. Denne typen poesi er vel relativt ukjend for dei mange i Noreg hittil. Men eg trur ikkje elektronisk poesi er lukka.

Det følgjande under skreiv eg på nettstaden om Ottar Ormstad sitt telefonkatalogdiktet i 2006:

(...) Her er den mest typografiske diktsamlinga i Noreg hittil, kanskje også i heile Skandinavia, men ikkje typografisk i tydinga mange skrifttyper eller for den del eit uoversiktleg «rot», men typografisk når det gjeld nøyaktig kor på boksida orda er plasserte i høve til kvarandre. Og først og fremst er samlinga konkret på ei rekkje viktige område. Samlinga tar utgangspunkt i ei gitt rekkje etternamn og byggjer opp eit stort verk/samfunn som menneske er i, bur i og står i.

Dette vil eg føre fram som ei forventning til utgjevinga, som om det skulle vori Dum dum boys si etterlengta plate, eller slik som ved stor-håpet til Marit Bjørgen sine kraftige klyv gjennom løypene i Torino-OL.

Det er lenge mellom vakre poesiverk som skildrar Oslo eller det som Oslo kunne vori. Her har vi eit av dei aller vakraste verka nokon Oslo-borgar hittil har gitt byen sin eller ein annan skandinav har gitt sin eigen skandinaviske store by.


Her er elles programmet på seminaret i Bergen 20.-21.september.