Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2010

Dan Fägerquist er i Noreg
Tirsdag 31.

Armadillo
Onsdag 25.

Upperdog
Søndag 22.

Squaw Valley - dikt
Fredag 20.

Kragerø Session
Torsdag 12.

Store ting
Mandag 9.

hei horunger
Onsdag 4.

Kuiper blir roman
Tirsdag 3.

Søndag 22. August 2010

Upperdog

Det er problematisk å rangere filmar. Men iallfall har norsk film mykje å by på. Sara Johnsens Upperdog fortente Amandaprisen,delt ut i går. Upperdog er samtidsfilm. Både arbeidsliv og krig.

Filmen er både eit veldreid og vesentleg filmverk. Dessutan fortjente Agnieszka Grochowska at Amandajuryen gav henne pris for beste kvinnelege hovudrolle. I filmen var ho sjølve arbeidslivet. Som ein annan Julia Roberts - .

*

Noreg er dei seinare åra blitt krigsland med soldatar som fell i krig. I går kom Nrk med den tekstmeldinga at landet vårt har tredobla eksporten av våpen på berre få år. Og tidlegare såg vi at Noreg er fremst i eksport av krigsvåpen og våpendelar, rekna etter landet sitt folketal. Ei tvilsam ære.

*

Da vi såg den ferske filmen i oktober 2009, noterte eg følgjande på denne nettstaden:
Sara Johnsens nye film satsar på biletbruk, på den eine sida, og held samtidig fullstendig tak i den verda som Noreg er blitt ein del av som rik nasjon etc, på den andre sida. Filmen Upperdog er blitt usannsynleg vellykka. Soga, frå byrjing til slutt, er konstruert liksom eit retrospektivt Ibsen-drama, det tykkjer eg. Men dette er film med stor F.