Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2010

Dan Fägerquist er i Noreg
Tirsdag 31.

Armadillo
Onsdag 25.

Upperdog
Søndag 22.

Squaw Valley - dikt
Fredag 20.

Kragerø Session
Torsdag 12.

Store ting
Mandag 9.

hei horunger
Onsdag 4.

Kuiper blir roman
Tirsdag 3.

Fredag 20. August 2010

Squaw Valley - dikt

I kveld feirar da Nrk fjernsynet 50årsjubileum for oppstarten i 1960. Det er dei vel unnt å feire. Da tenkjer eg også på Olav H. Hauges kjende mediedikt med motiv frå året 1960:


KUPPERN SKRID I SQUAW VALLEY


Eg har og teke premi på skeisor, eg vart
nummer fire i eit skulerenn då eg var åtte,
etter han Leiv.
Men dei hine hadde stålsette skeisor,
og eg hadde berre jarn.
Eg hadde kjøpt mine hjå urmakaren,
eg tok dei som hadde
største snablane.

Men no skrid Kuppern i Squaw Valley!
Eg har ikkje tenkt å gå nokon 10 000 m,
men ordi fær ein djervare sving,
og ho mor grip fastare um staven.


Sjølv såg eg mine første TV-overføringar på Gråberg, ein kafé på Elverum. Akkurat når hugsar eg ikkje. Hausten 1960 byrja eg på reallinja på Elverum kommunale høyere almennskole og dukka inn i fysikk og matematikk. Planen var å byrje med havet og ny matkapasitet seinare. Men få år etter fall planen i fisk i møtet med universitetet i Oslo, i eit utruleg keisamt Donald Duck-miljø nedanfor Blindernveien. Og dermed har eg vel gripe fast nok rundt staven?