Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jul 2010

Andre planetar
Torsdag 29.

Den yngste
Torsdag 22.

Tidsskrift spør om omsetjing
Mandag 12.

Europas mestjobbande
Torsdag 8.

Torsdag 22. Juli 2010

Den yngste

Slik byrjar ei bok: «Min søster har store og sterke lunger, og kan være under vann en hel dag hvis hun vil. Hun får så blå øyne og så lys hud.» Når den vellykka poeten Ingvill Solberg skriv boka den yngste, spelar tittelen på den yngste av søskena, den yngste i ein søskenflokk. Den yngste her er ei jente. Men boka viser mykje til «brørne» og til den ekstra svømmedyktige og spesielt eventyrlystne og svømme-interesserte søstera.

Boka er forma i dikt som er greie å lese i samanheng, og ho får meg til å tenkje på kor ulikt skapte alle menneske er. Og dette tilhøvet ser ein særleg godt i søskenflokkar, der alle kan jamføre seg med alle, og der oppfostringa frå foreldra i utgangspunktet skal vere lik, iallfall for det einskilde kjønnet. Eg vil seie det slik at folk si oppfatning av seg sjølv blir til i jamføringa med søsken som har fått tildelt andre gener, tildelt ein annan arv. Samtidig kjem det sterke familiære bindingar ut av denne ulikskapen mellom søsken.

Boka den yngste skriv seg inn i den svært aktuelle forskingsdebatten om arv og miljø (debatten som gjekk føre seg rundt tv-serien). Og ho er ein fryd å lese i samanheng.

Her tar eg ut eit dikt frå boka til Ingvill Solberg, det er da frå byrjinga av andre bolk:

Min bror kjenner svanene
og gjessene og endene.
De legger hodet i fanget hans.

Mot de varme hendene
slår hjertene
under fjærene.

Øynene
til fuglene, de ser
min brors ansikt.