Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jul 2010

Andre planetar
Torsdag 29.

Den yngste
Torsdag 22.

Tidsskrift spør om omsetjing
Mandag 12.

Europas mestjobbande
Torsdag 8.

Mandag 12. Juli 2010

Tidsskrift spør om omsetjing

Det vanskelegaste å setje om frå eit språk til eit anna er poesi. Å setje om lar seg rett og slett ikkje gjere utan å dikte omatt. Det er skilnad i bruken av ord på ulike språk. Ord dekkjer ikkje same område. Vidare er ordmusikken ikkje den same eller tilsvarande - . Dessutan kjem noko av det alvorlegaste her: Folk og poetar skriv langt ifrå om det same i ulike land. Dei kunne kanskje gjort det, men dei gjer det ikkje.

Om slike ting - og meire til - dreier to intervju med Gunnar Wærness og med Pedro Carmona-Alvarez seg. Dei to har set seg føre å krype inn i og springe rundt i dikt frå alle verdshjørne, og dette har tatt dei så mykje som fire år, opplyser intervjua i tidsskriftet Vagant. Det er redaktøren der, Audun Lindholm, som har passa opp dei to til Vagant nr 2 2010.

Tittelen er geometrisk: For jorden finnes ingen periferi.





Ps 4/1-2010:
Boka blei god, og ho fekk svært rosande ord i mottakinga. Slik har forlaget (Oktober) samla eit formidabelt knippe avsnitt frå omtaler .