| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Jun 2010
Fjellet ved Ivar Orvedal
Onsdag 30.
Gustaf Fröding
Onsdag 23.
Diktbøkene hittil 2010
Tirsdag 22.
Fløgstad og Argentina
Søndag 13.
Kunsten sine grenser
Tirsdag 8.
For backlist 30 %
Lørdag 5.
Samtale med Dante
Onsdag 2.
Onsdag 30. Juni 2010
Fjellet ved Ivar Orvedal
Når juli kjem, så byrjar fjellet si tid, fjellet si sommarstid, sakte men sikkert. Derfor vil eg levere vidare dikt om fjellet, etter løyve frå forfattaren, Ivar Orvedal. Lyrikaren Ivar Orvedal er kjend for å samarbeide med musikarar og kunstnarar, og han er sjølv ein ivrig fotograf. Foto som har med dei følgjande diktsekvensane å gjere, kan du prøve å få deg over epost ved å skrive til: ivar@orvedal.no
Strofer og mobilfotoskisser frå dei nemnde stadene: Ivar Orvedal
VARDANE FORTEL SITT
vardane fortel sitt
mange går vegen
men først måtte noken gå seg vill
ein etter ein over Sognefjellet
Asbjørnsen, Wergeland, Ibsen,
Holberg og Oscar Frederik
(Vinje gjekk på tvers av leia)
vidare gjennom historia
og ingen veit heilt sikkert om dei fann fram,
om dei fann staden dei hadde tenkt seg
dei dagane fjellstormen rasa
stirde dei i taket og tenkte at
slik steinbu har større rom enn ei kyrkje
for ei lita stund er vi berga
og akkurat slik kjennest det,
overnatte på same stad som æve,
den som alltid er på vandring
heller ikkje det tapte let seg eige for alltid
og det finaste av alt
ingen bauta er reist til minne
om det som er borte
treng du ly ei natt på vegen,
denne bua står framleis open
*
Liabrekulen, Illvassnosi, Tverrådalskyrkja,
Veslesmeden, Kaldbekkbotn, Svarthammaren,
kva skyldskap har fjellet til namnet sitt?
den etymologiske alderen var fort omme
språket tok over
munnen får ikkje vere med lenger
*
ein gråstein lettar
flyttar seg litt bortover
det er ein fugl seier ho
ho snakkar med dei orda som har overlevd
og sangen har fått ein annan tone
*
oransj tirsdagsmorgon
mild vind frå sør
fluge av falkefjør
Kringletjernet,
det er himmel det
så stor var fisken
diktar Arild der oppe, høyrer du?
her ved Kringlestølen din,
det er dei same viktige orda
som svirrar i lufta
*
vegen attende
og vegen vidare
det løysnar eit rop
eit tigande som var brent fast i fjellet
eit ekko overvintra
seier det noke anna nå
enn då ingen kunne høyre det
*
det er ikkje utan verknad,
kva stad det neste skal skje
ane opprinneleg kvile
gjentakelsen er den magiske tida
før verden begynnar
*
oppdagelsen
i same
lengselstund
den vakre rørsla
løfte fossil
kambriumengel
legge den
forsiktig attende
*
gravitasjonen framleis synleg
begerkorall
datert 400 millionarsalderen
steinsamlar skal få den
det er vakkert å sjå
når han løyser lag
av forsteina ordovicium
forsiktig frigjer sin kjærleik
*
ingen bestemte mål idag
Fjellsveve, Bergveronika, Raudsildre
og alle kjenslene
som han ikkje veit namnet til
Strofer og mobilfotoskisser frå dei nemnde stadene: Ivar Orvedal