Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jun 2010

Fjellet ved Ivar Orvedal
Onsdag 30.

Gustaf Fröding
Onsdag 23.

Diktbøkene hittil 2010
Tirsdag 22.

Fløgstad og Argentina
Søndag 13.

Kunsten sine grenser
Tirsdag 8.

For backlist 30 %
Lørdag 5.

Samtale med Dante
Onsdag 2.

Søndag 13. Juni 2010

Fløgstad og Argentina

VM i fotball har starta så vidt, og alle hjarte gler seg. No skal vi sjå ikkje berre gladiatorfotball men også kunst. Kjartan Fløgstad har vore føreutsjåande, slik han ofte er, og skrive om Argentina før VM i siste Dag og Tid. Og det kjem meir om Argentina.


Kjartan Fløgstad, som er aller mest kjend for romanane sine og essaya sine, debuterte med dikta Valfart i 1968. Derfrå siterer eg diktet Opp leideren, som vitnar om eit mannleg sjømannsliv:


kryp ned mannholet
og anar langt der nede
ei fortid
fliset tredørk og tunnel
ein ukjend veg igjennom denne verda
mørk av kvin og korte ord
og av og til ein dunk
så legg ho seg mot kaien
ein kvadratisk himmel klårnar over røyken
det er godt at tida går
litt lut i knea gjennom rommet
men ingen stad å kvila
lyskastarane taper til slutt
så skuggane blir enkle
og blikket tomt av lys
Dagen følgjer siste grabb
på vegen ned i rommet