Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jun 2010

Fjellet ved Ivar Orvedal
Onsdag 30.

Gustaf Fröding
Onsdag 23.

Diktbøkene hittil 2010
Tirsdag 22.

Fløgstad og Argentina
Søndag 13.

Kunsten sine grenser
Tirsdag 8.

For backlist 30 %
Lørdag 5.

Samtale med Dante
Onsdag 2.

Tirsdag 8. Juni 2010

Kunsten sine grenser

Arne Nordheim gjekk bort denne veka, han blei nærpå 79 år.

Arne Nordheim var ikkje poet, men musikkens Jan Erik Vold. Dei flytta grenser, flytta grenser for poesi og musikk. Eg nemner til dømes den enorme lydskulpturen som Nordheim gjorde saman med Arnold Haukeland på Erling Stordals blindesenter i Skjeberg. Først og fremst flytta dei to, Vold i poesien og Nordheim i musikken, mange grenser på 1960-talet.

For Arne Nordheims del skjedde det ved elektronisk musikk og konkret musikk, samt alle hybridar og blandingar - . Arne Nordheim har utvikla all slags musikk.

Begge veteranane har opplevd noko spesielt: Stor tilslutning frå unge skapande krefter dette siste året, frå ein generasjon som er klår til å ta opp hansken frå dei viktige og mest grensesprengjande åra. Enda meir likt: Begge to, både Vold og Nordheim, har vore særs aktive på mange felt og produktive, Nordheim ikkje minst i ein omfattande produksjon orkestermusikk.




Ps 9/6-10:

Ikkje lenge etter at eg skriv dette, så kjem det eit pionerarbeid dumpande inn i postkassa mi frå Jan Erik Vold. Dette er ei ny bok - Fem stemmer - der han tar føre seg lydopptak med Kristofer Uppdal, med Gunvor Hofmo, med Tor Ulven, Kjell Heggelund og Arild Nyquist, ei bok der Vold utvidar oppfatninga vår av kva dikt er.

Eit av dikta i boka er dette diktet av Tor Ulven:



Fra multemyrene, de roper deg
utover

de roper deg
hjem

roper deg
gjemt

roper gjennom deg, en frysning
slengt oppetter
tynnere og tynnere
kvister

til den er
et forsvinnende fuglepunkt

endelig, bare
det blå


Vi får høyre dette diktet, med det - etter mi meining - vidunderlege biletet «fra multemyrene» lese på ein medfølgjande cd. I alt 79 dikt er med på cd. I boka filosoferer Jan Erik Vold svært konkret og nytt over det viktige tilhøvet mellom diktskrift og diktlyd.




Ps 18/6-10:

Onsdag såg vi på Nrk 1: ein norsk dokumentar om Arne Nordheim, og denne var sett saman av ulike sterke eldre TV-klipp. Eg prøvde å leite opp ei lenke på nettTV, men fann ikkje noko Nordheim-program, så eg håper at Nrk legg dette ut snart. Å få både detaljane frå musikkverk og intervjusnuttar var fascinerande.

Personleg hadde eg likevel håpa på lengre verk-utsnitt og somme heile (korte) verk av Nordheim, eg håpa dessutan på litt lengre klipp frå intervju med ein mann som var verbal og ein stor kunstnar. Verka hans er svært aktuelle.