Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2010

E-bok for dikt?
Mandag 24.

Margrethe Munthe jubilerer
Søndag 23.

Tru og kunnskap
Torsdag 20.

Kven har skrive - ?
Søndag 16.

Vetrhus ut av Diktafon?
Fredag 7.

Kristofer Uppdal
Lørdag 1.

Søndag 23. Mai 2010

Margrethe Munthe jubilerer

Torsdag den 27. mai er det hundreogfemti år sidan Margrethe Munthe blei fødd. Ho var spesielt god på danserytmar med tekst. Ikkje mange kunne den kunsten. Den dag i dag er ingen bursdag fullgod utan «Hurra for deg som fyller ditt år!» Og inga jul blir ekte utan «På låven sitter nissen...».

Og Munthe brukte songen i pedagogikken si teneste. Ho står som ein viktig figur i norsk pedagogikk. I år kjem det ut to bøker om henne. Knut Nærums siste barnebok, for eit par år sidan, er eit moderne svar på Margrethe Munthes barnesongar.

*

Slik er andre strofe i Margrethe Munthes friske og opphavlege bursdagsspråk, Hurra for dig som fylder dit aar! Rytmen er masurka:

Høit vore flag vi svinger. Hurra!
Ja, nu vil vi rigtig feste!
Dagen er din, og dagen er bra,
men du er den allerbedste!
Se dig om i ringen, hvem du vil ta!
dans en liten dans med den du helst vil ha!
Vi vil allesammen svinge os saa glad:
En av os skal bli den næste.
.



Ps 6/6-2010:
Ein av dei to som i år skreiv bøker om Margrethe Munthe (1860-1932), er Willy Aagre. Han har ein dyktig introduksjon til barnesongforfattaren i avisa Klassekampen i går. Barnesongforfattarar er vel ikkje av dei som blir tatt mest alvorleg litterært, dessverre, det er min kommentar. Munthe er ikkje det einaste grandiose dømet på dette - .