Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2010

E-bok for dikt?
Mandag 24.

Margrethe Munthe jubilerer
Søndag 23.

Tru og kunnskap
Torsdag 20.

Kven har skrive - ?
Søndag 16.

Vetrhus ut av Diktafon?
Fredag 7.

Kristofer Uppdal
Lørdag 1.

Søndag 16. Mai 2010

Kven har skrive - ?

Kven har skrive dette? Det er del av eit lengre dikt som kom ut i 2009, og som kan vere påbyrja eit par decennium tidlegare:



Det havgrå land er blitt så kvitt,
ein yndig ferie-rekvisitt,
ein sommarpastorale
Det strie graset i vårt len
er blitt til to-tre mål med plen
for dei som kan betale
Når hausten kjem og skodda driv
då legg dei ned det søte liv
og takkar personalet

Men ennå lyder her, i hei og myr
ein song med sekel-gamle ord
O Sørland, du min moderjord



Topografisk. (Svaret 20/5:)

Diktet over er del av langdiktet SØR, opphavleg monologar for skodespelarar og urframført i Agder Teater med overføring i Nrk 1 våren 2002. Teksten er endra framføre bokutgjevinga i fjor. Teksten er topografisk, det vil seie knytta til ein særeigen geografi, ein geografi som frå 1902 meir og meir fekk namnet ”Sørlandet” over alt. Forfattaren er Paal-Helge Haugen. No veit du det.

Om topografisk dikting skreiv Øyvind Rimbereid eit viktig og sjeldant essay. Diktboka eg har sitert frå over, opnast med eit anna langdikt, KYST, av same Paal-Helge Haugen, opphavleg ein tekst til musikkverk framført i 2003, med både skodespelarar, instrumentalistar, stort kor og solistar. Alt dette går fram av opplysningar i boka, som har fått fellestittelen KYST. SØR.

Mi vurdering: Innleiingsdelen KYST ligg i mellomrommet mellom det topografiske og det romantiske naturdiktet, vil eg seie. Iallfall ved første gongs lesing. Les sjølv.

Boka har også fått eit lengre – og nyttig leksikalsk - etterord skrive av Oddbjørn Johannessen: Sørlandet, poetisk-topografisk presentert.

Paal-Helge Haugen er ein premiert lyrikar som har studert film og teater og samarbeidd mykje med bilekunstnarar og komponistar. Han var av dei første lyrikarane i Noreg som brukte montasje (i Anne, 1968).




Merk dessutan:

I det siste har forfattarar - t.d forfattarar i Sverige - busett seg og arbeidd med inspirasjon i «periferien» (lokalmiljøet) for å få utvikla seg kunstnarleg.