Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2010

Årviss bokdag for verda
Fredag 23.

Kanskje kommer kongen
Torsdag 22.

Little Dorrit
Tirsdag 20.

Villskapens år?
Lørdag 17.

Poesikveld på Mono
Tirsdag 13.

Politisk og populært
Tirsdag 6.

Tirsdag 20. April 2010

Little Dorrit

Ja,verdas bokdag kan feirast ulikt. Til verdas bokdag 23. april vil eg nemne Little Dorrit av Charles Dickens. I si tid kom denne boka, på Dickensvis, først ut porsjonsvis som følgetong, slik at også ”dei fattigaste skulle ha råd til å kjøpe” heftene enkeltvis, med månader imellom. I vår tid kjem romanen ut – litt Dickensstil – som TVserie i 8 episodar, også for dei fattigaste - ?

På Nrk sist søndag såg vi sjette episode, og det nærmar seg klårt avslutninga på verket. Korleis skal det gå med dei to heltane - ?

Det engelske stands- og klassesamfunnet for 150 år sidan, med svært brutal deklassering og oppdrift, er tema. Moralen er tema. Samtidig er Little Dorrit ei djup skildring av menneskeleg sympati og eit fint spel med mange godt teikna samansette karakterar.

Når folk er prisgjeve eit lunefullt og øydande økonomisk og sosialt system, gjer det samtidig folka moralsk handlande. Ja, slik er det iallfall med unge og ugifte Amy Dorrit. Slik er det for henne. Og eg tykkjer det er storfint!



*
Her er engelsk wikipedia om Charles Dickens . Og samtididg:
Grunnen til at eg skriv ikkje berre om avantgardelitteratur, men også om populær litteratur, er at eg ser kontakt med populærkunst som ein del av det avantgardistiske prosjektet mitt frå gammalt av.

Ikkje alt er bra i populærlitteraturen. Her er kritikken min av kritikken og dagens mest lesne krimbøker . La også dette bli tema på bokdagen!





Ps 3/5-10:
Avslutninga på Little Dorrit var forrykande både når det galt tida sine økonomiske skjebner og skjebner elles. Og det som vann over stand og... det var, kan du tenkje deg - ?