Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2010

Årviss bokdag for verda
Fredag 23.

Kanskje kommer kongen
Torsdag 22.

Little Dorrit
Tirsdag 20.

Villskapens år?
Lørdag 17.

Poesikveld på Mono
Tirsdag 13.

Politisk og populært
Tirsdag 6.

Lørdag 17. April 2010

Villskapens år?

Ved starten av Bjørnson-året (for fire månader sidan) hadde Edvard Hoem gitt ut del 1 av sin Bjørnson-biografi, den delen som omhandlar dei første førtitre åra av Bjørnstjerne Bjørnson sitt dramatiske liv.


X

Eg har nett byrja å lese biografien og komme førebels til side 172, da romanen om Synnøve Solbakken og Torbjørn Granliden, som blei Bjørnsons litterære gjennombrotsverk, blei utgjeve. Dette verket inneheld nokre mykje sungne romanse-tekstar. Men det finst ikkje så mykje om desse dikta i biografien, det overraska meg.

Derimot bier Hoem mykje ved teateret, ved det utstikkande hos Bjørnstjerne Bjørnson når det gjeld teateret i hans tid, teater i usjølvstendige Noreg. Hoem skriv engasjert om Bjørnsons tilhøve til norsk språk kontra dansk språk på teaterscena i Christiania. Og det er interessant å lese fleire nærgåande analyser om Bjørnsons tilhøve til andre diktarar med same utspring, særleg den unge revolusjonære, men utilnærmelege, Henrik Ibsen. Elles held jo ungdom saman og bur saman den gongen, på liknande måte som no.

Og stendig får vi vite mykje om journalisten, publisisten Bjørnson. Hoem får fram oversikt, og han får viktige element på plass! Eg merkar tydeleg Hoems eigen kompetanse når det gjeld teatersamfunnet og Hoems eigen kompetanse når det gjeld strev med å vere i forkant i tidsprosessen for ein forfattar, og det å vere i tida, skarpt og tidleg ute, og strevet for eit utkomme, noko å leve av for ein forfattar i eit fattig og lite land.

Boka har tittelen Villskapens år. Ein stor porsjon villskap er nødvendig i kamp, men eg oppfattar meir ein tidleg strategi hos diktaren Bjørnstjerne Bjørnson, mykje meir enn villskap. Og strategien er også det aller mest interessante. Når det gjeld strategi kjem Bjørnsons lange verksemd som journalist, alt frå 17-årsalder, inn som intrument. Ei betre samanfatning hadde kanskje vore ”Nasjonens vår og villskap”? Tittelen Villskapens år er kan hende laga av forlaget?

Heldigvis:
Heldigvis heftar ikkje denne Bjørnson-biografien seg altfor mykje opp i det som kunne blitt ein lausrivi barndom hos Bjørnson, heller ikkje i det som kunne vore ein lausrive foreldre-biografi. Og metoden til Edvard Hoem er å gjere klårt i forteljinga det som forskinga veit, og det som ein ikkje veit, men som likevel kan vere tilfelle, eller for den del er lite sannsynleg.

*
Men som sagt, eg var komme til side 172. Da eg var komme til side 272, og eg hadde fått med Bjørnsons vanskelege periode som redaktør av Aftenbladet og fått fortalt den første delen av ekteskapet hans med den yngre Karoline Reimers, og forfattaren fått reist til Italia, da passa nok tittelen Villskapens år betre! Femti sider seinare, etter den dyktige diktaren sine reportasjar frå Sør-Italia og etter hans ekteskapelege reparasjon, da blir eg i tvil.

Diktet Jeg velger meg april, som vi alle kan, dette fortel noko generelt om Bjørnsons usvikelege kampvilje:


Jeg velger meg april.
I den det gamle faller,
i den det ny får feste;
det volder litt rabalder,-
dog fred er ei det beste,
men at man noe vil.

Jeg velger meg april,
fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter,-
i den blir somren til!


Y (6/5-2010)


Etter nokre veker har eg no avslutta første band av Edvard Hoems fine biografi over Bjørnstjerne Bjørnson. Det var 600 sider, pluss tillegg som eg har bladd i. Forvitneleg lesing, eit stort arbeid. Første band går til og med 1875. Bjørnsons samtidsdrama En Fallit sigrar i Tyskland. Det har skjedd utruleg mykje med Noreg på tjue, tretti år - .

Edvard Hoem har hatt ei ekstra stor stoffmengd til denne biografien. Første del av biografien er like mykje nordisk og europeisk soge som han er norsk (pluss dansk) litteratursoge og ein forfattarskjebne med mange kapittel. Inntrykket mitt er at Hoem har tatt ein heller prakmatisk innfallsvinkel til den store stoffmengda og dermed komme trygt i land.

Andre sider ved biografien og andre synspunkt på biografien enn hos meg kjem fram i Bodil Stenseths melding i Dagbladet .