| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Apr 2005
Doble poesi?
Lørdag 30.
Kritikk av diktopplesning
Torsdag 28.
Bokdagen fredag
Onsdag 20.
Radio-opptak
Lørdag 16.
Det trønderaktige
Tirsdag 12.
Denne nettstaden
Lørdag 9.
Avis-versjonar
Fredag 1.
Tirsdag 12. April 2005
Det trønderaktige
Festivalen i Trondheim startar om to kveldar. Vi skal inn i lyrikken sitt naboskap, i lydkunst og film, video og jazz m.a. Opninga i kjellaren på Olavshallen rommar deltakarane Claes Andersson, Ellen Einan, Helge Rykkja, Mara Lee, Yoko Tawada, Øyvind Ådland. Men i salen er vel fleire av dei utanlandske, slik at eg kan servere nokre ultrakorte av mine, på engelsk, som ein gest, saman med dikt frå «Slutningar til knes». I bokhandelen fredag skal eg dra også nokre korte på trøndsk. Trønder-AVISA har gjort eit intervju som fokuserer på ein mann som har kommi «heim» med dikta sine. (Delar av dette intervjuet skal eg seinare, etter festivalen, sitere frå i spalta Tilbakemeldingar.) Det finst noko trønder-aktig hos Rykkja. Namnet Rykkja er elles eit stadnamn på skilt og kart i Skatval, som i dag er ein del av Stjørdal kommune.
PS: Eg har no fått sjå utkast til engelske omsetjingar som Dagrun Bennett har gjort av ca 60 dikt frå BOK og Poesi.
PS: Eg har no fått sjå utkast til engelske omsetjingar som Dagrun Bennett har gjort av ca 60 dikt frå BOK og Poesi.