| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Feb 2010
Ei rekkje tsunamiar...
Søndag 28.
Konkret poesi i 1963
Mandag 22.
Drama i kongeleg skala
Søndag 21.
My Heart Is Yours
Søndag 14.
Ikke-kone-brevene
Torsdag 11.
Banebrytande: Varmestafetten
Tirsdag 2.
Søndag 28. Februar 2010
Ei rekkje tsunamiar...
...for Anne Bøe, dette kunne eg seie no. For tida skjer det stadige undersjøiske jordskjelv. Og desse løyser alle ut tsunamiar og mykje øydeleggjing og dødsfall. Den mest kjende og verste tsunamien i vår tid kom 26. desember 2004. Det verkar som om Anne Bøe har denne katastrofa i tankane når ho flettar saman ein eg-person sin bråe og alvorlege sjukdom med ei tsunami-katastrofe i verdsmålestokk. Noreg har ikkje ofte tyfonar og katastrofale jordskjelv.
Denne flettinga i boka til Anne Bøe gir punkt for å kunne forstå katastrofer som elles er vanskelege å fatte. Forfattaren, som debuterte med diktsamlinga silkestein i 1984, har brukt diktform også denne gongen og utforma eit solid verk både på idéplanet og i uttrykk...
Noko av det første eg legg merke til, er det merkeleg mjuke som oppstår ved katastrofer.
Skrivemåten kan vere raske riss, slik som i diktet side 24, tatt frå avdelinga bølge
Boka, som kom ut i fjor, har tittelen minimum og skildrar godt dette «minimumet» i høve til overleving... Likevel er ikkje poesien hennar noko minimum når det gjeld språket, dette er rikt på allusjonar til annan poesi.
*
Sindre Ekrheim i Bergens Tidende har skildra andre sider av Anne Bøes bok minimum.

tredje januar, antallet øker
du ligger i ditt eksil av morfin
bølgen velter og velter innover
kurven, statistikken på skjermen
en kjølstripe av
størknet sjø