| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Feb 2010
Ei rekkje tsunamiar...
Søndag 28.
Konkret poesi i 1963
Mandag 22.
Drama i kongeleg skala
Søndag 21.
My Heart Is Yours
Søndag 14.
Ikke-kone-brevene
Torsdag 11.
Banebrytande: Varmestafetten
Tirsdag 2.
Mandag 22. Februar 2010
Konkret poesi i 1963
Dette skal handle om Vagn Steen. For ei tid sidan skreiv eg om Tania Ørums store skildring av dansk avantgarde. Frå poeten Vagn Steen siterer ho ein del av programdiktet hans frå 1963:
Vagn Steen var inspirert av biletkunst, og Tania Ørums utleggjing av Steen tykkjest meg gjort presist: «Det er en programerklæring, der synes at bekræfte, at inspirationen fra den konkrete billedkunst fører til vægt på konstruktion frem for ekspression og til interesse for interaktion med publikum.» Denne tredelte definisjonen blir utvida når Ørum skal ta føre seg somme dikt som Steen trykte i Ord och Bild seinare same år, når det gjeld (sitat:) «varemærke for Steen disse år» (side 139):
Denne analysa er ikkje berre kraftig utvidande, men ho seier også noko om spennvidda i tidleg skandinavisk konkretpoesi. I ei teoretisk bok som Ørums store verk skulle eg ha likt å få sitert heile programdiktet til Vagn Steen, ikkje berre den første delen over. I det heile tatt fører teoretiseringar av poesi altfor ofte til at delen av eit dikt blir sitert og kommentert lausriven. Kva med resten? Slik kan det fort skje ein reduksjon eller kjennast som ein reduksjon, iallfall når ikkje resten av diktet er velkjend - .
Men dette er ikkje noka avgjerande innvending imot Tania Ørums forskning .
et ord er først og fremmest nogle bogstaver der står stille på noget papir og lugter af tryksværte.
Forsøg - konkret poesi
jeg kan ikke forklare mig - kun klare mig
jeg kan ikke besværge - kun sværge
jeg kan ikke beundre - kun undre mig
jeg kan ikke beskrive - kun skrive
jeg kan ikke betale - kun tale
jeg kan ikke skrive «digte!» - men «digte?» kan jeg skrive
Vagn Steen var inspirert av biletkunst, og Tania Ørums utleggjing av Steen tykkjest meg gjort presist: «Det er en programerklæring, der synes at bekræfte, at inspirationen fra den konkrete billedkunst fører til vægt på konstruktion frem for ekspression og til interesse for interaktion med publikum.» Denne tredelte definisjonen blir utvida når Ørum skal ta føre seg somme dikt som Steen trykte i Ord och Bild seinare same år, når det gjeld (sitat:) «varemærke for Steen disse år» (side 139):
«(...) Begge disse utgivelser [dvs. dikta i Ord och Bild] signalerer den kombination af sprogvidenskap, reklameæstetik, børneremser, pædagogik og kuriøse indfald, der bliver karakteristisk for Steens forfatterskab.»