|
Avantgardens tragedie?
Mandag 18. Januar 2010 |
|
|
Tania Ørum er leiar av Nordisk Nettverk for Avantgarde Studier. I fjor kom ut, på Dansk Gyldendal, hennar over 700 sider omfangsrike dokumentasjon av heile den dansk avantgarden på 1960-talet: 'De eksperimenterende tressere - kunst i en opbrudstid'. Dette verket får ei interessant melding av Susanne Christensen i Klassekampen 16/1-10: «Avantgardens tragedie» (her saksa frå Christensens nettstad).
Susanne Christensens nettstad byr også på Lars Bukdahl, hans kritiske melding i Weekendavisen. Bukdahl peiker på det tilhøvet at nytt - og aktuelt, meiner eg - ved Ørums verk er at ho kan parallellføre dei ulike kunstartane, dvs gå «intermedialt» til verks. Spontant oppsto det i Danmark tilsvarande saker og uttrykk i musikk og i biletkunst, film og litteratur.
Dette interessante parallelle byrjar unge forskarar i Noreg å sjå på i samband med Jan Erik Volds poesiverk på 60-talet, jamfør den ferske jubileumsboka redigert av Bendik Wold: Varmestafetten. Men da går dei helst til ein skildra internasjonal musikk og biletkunst og ikkje til f.eks heimlege Arne Nordheim. Og dette samtidige lokalt i Noreg vil måtte komme som objekt for forsking.... Her er meir om dette og om VARMESTAFETTEN.
|
|
|
|
|
|