| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Jan 2010
Avantgardens tragedie?
Mandag 18.
Kunnskap om økonomi
Fredag 15.
Moral (før og no)
Søndag 10.
Diktafon-dikt på laurdag òg.
Fredag 8.
Elsk din neste
Onsdag 6.
Mortensens rollespel
Søndag 3.
Søndag 10. Januar 2010
Moral (før og no)
Over alle mediavatn ligg ein påstand om at arbeidsmoralen i kongeriket synk og er svært låg. Og dette er heilt utan grunnlag. Eg skal ta det punktvis her:
1. Arbeidsmoralen har aldri vori så høg som no.
2. Arbeidsmoralen, slik han blir forstått f.eks i høve til sjukefråvær (og produktivitet), kan ein sjå i høve til revolusjonært medvit like så godt. Og kvifor ikkje? La meg da sitere eit dikt av Jaques Prevert (omsett til norsk av Willy Flock i Dikt om frihet og kjærlighet (1981):
3. Slik tenkjer ikkje ein tilsett på Rådhuset i ein typisk norsk kommune, eit Rådhus med minimal bemanning. Ein tilsett her sit utover kvelden til jobben er gjort, fordi den tilsette identifiserer seg med kommunen sine høgt sette mål, dvs med arbeidsgjevar, arbeidskjøpar.
Det same gjer lærarane i dei kommunale skolane, dei tar kveldane til hjelp. Bemanninga i skoleverket har sunke i nærpå tjue år, og kravet til dokumentasjon og møteverksemd har berre vakse i desse tjue åra. Eg trur at den positive sjukelønnsordninga vi fekk i Noreg, nok har fått folk til å identifisere seg med jobben og høyna dette som - litt upresist - blir kalt «arbeidsmoralen».
4. At det svært ofte er to i ein småbarnsfamilie som jobbar, det er uttrykk for noko av det same. Og får dei to eit sjukt barn, så må ein av dei nødvendigvis vere heime med barnet. Derimot i 1950-åra var det oftast eit ideal i Noreg å ha ein familie med heimeverande mor, altså noko litt anna enn «høg arbeidsmoral» i yrkeslivet. Da sleppte den mannlege yrkesutøvaren heilt å vere heime med eit lite sjukt barn.
5. For nokre dagar sidan meldte statistisk sentralbyrå om at det var berre 1 registrert lønnsstreik i Noreg i 2009! Også dette tyder stor respekt for arbeidsmoralen. Norsk produktivitet er stor og har stige. Borgarskapen i Noreg har betre vilkår enn nokon gong. Men dei styrande vil liggje i forkant og utpønske enda meir profitt og meir imperialitisk makt.

SPILT TID
Foran fabrikkporten
stopper arbeideren plutselig opp
det fine været har trukket han etter jakka
og idet han snur seg
og kikker opp på sola
helt rød helt rund
som smiler på sin blygrå himmel
blunker han
fortrolig
Si meg kamerat Sol
synes du ikke
at det er temmelig idiotisk
å la
en arbeidsgiver få
en slik dag?