| Heim > Nytt | 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Des 2009
Lykka, håpet - og vondt
Onsdag 30.
Ratatosk om lyrikk etter 2000
Onsdag 23.
Odd Børretzen sin versjon
Tirsdag 22.
Avhymningar?
Mandag 21.
Dikt om fred?
Torsdag 10.
Jenny Hval på Audiatur
Tirsdag 8.
Ni lyrikkdebutantar
Søndag 6.
Løgn og Løgn
Lørdag 5.
Onsdag 30. Desember 2009
Lykka, håpet - og vondt
I dette året kom lokalhistorikaren Martin Furseth over eit ukjend Ivar Aasen-dikt skrive i ei minnebok, det var dikta venteleg på slutten av diktaren sitt liv (kommenterer Dag og Tid 18/12).
Diktet verkar like nært vår tid som diktet Det er den draumen av Olav H. Hauge, gjer det ikkje? For meg gjer det faktisk det, i dag og hine dagar.
Ps: Diktet blei notert i minneboka året 1891, det vil seie same år som Per Sivle gav ut romanen Streik, som er den første proletarromanen i Noreg.
Diktet verkar like nært vår tid som diktet Det er den draumen av Olav H. Hauge, gjer det ikkje? For meg gjer det faktisk det, i dag og hine dagar.
Det lagar seg so ymist med vaar lukka;
ei Stund er Verdi berre blid og bjart,
ei onnor Stund daa maa me helder sukka,
at Verdi viser seg so myrk og svart.
Men endaa alltid gjennom slika Rider,
daa vegen fyr' oss feller tung og bratt,
so hava me ei Von om betra Tider,
og denne Voni er vaar beste Skatt.
Den gode Voni hjelper oss aa strida,
ho døyver Suti, naar me ottast illt,
ho huggar oss, naar nokot vondt me lida,
og gjerer Livet jamnast ljost og mildt.
Ps: Diktet blei notert i minneboka året 1891, det vil seie same år som Per Sivle gav ut romanen Streik, som er den første proletarromanen i Noreg.