| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Des 2009
Lykka, håpet - og vondt
Onsdag 30.
Ratatosk om lyrikk etter 2000
Onsdag 23.
Odd Børretzen sin versjon
Tirsdag 22.
Avhymningar?
Mandag 21.
Dikt om fred?
Torsdag 10.
Jenny Hval på Audiatur
Tirsdag 8.
Ni lyrikkdebutantar
Søndag 6.
Løgn og Løgn
Lørdag 5.
Mandag 21. Desember 2009
Avhymningar?
Oppe i det religiøse språket rundt jula finst det dikt, heldigvis. Steinar Opstad, som er kjend for å bruke språkleg religiøse vendingar i lyrikken sin, har kommi ut med ei diktsamling med tittel Avhymninger. Det kan så vere at han har gjort ein del «avhymning» i denne boka, og det er bra, men det er likevel ein stor rest igjen i uttrykket utan at dette treng øydeleggje noko som helst.
Det er først og fremst det mjuke og djerve som er igjen, heldigvis, no etter at poeten har utvikla både språket og fokuset sitt. Dette djerve gøymer seg under slike velmodulerte liner som i diktet HJERTE (på side 15):
Avhymninga i boka, ja - dette tyder også dikt som går i retning av prosapoesi, eller er prosapoesi. Boka rommar fleire portrett. Diktet «til Cecilie» byggjer både på ei sentral sjølvbiografisk side, på eit glimrande kunstnarportrett og på elegant turnering av det bortimot sjeldne temaet «sublimering». (Har ikkje diktet her no. Men glimrande.)
_________
Ps 22/12-09: Julegåver? Også gjennom desember i år har PoesiPortalen generøst sitert to-tre dikt frå kvar av hausten sine nye samlingar . Ja, trekk berre nedover nettstaden.

Himmelen lyser
brystkassen til en mann blir åpnet
og et dyrs hjerte
senkes ned i den
Og vi får bevist
det vi alltid har visst: alt er legemlig
som fingre som vikles inn i fingre eller ordet
jeg skriver ned og kysser
Måtte hjertet fra dyret
slå lenge i mennesket
og mennesket fatte denne hendelsen
ikke som et rov, men som et under