| Heim > Nytt | 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Des 2009
Lykka, håpet - og vondt
Onsdag 30.
Ratatosk om lyrikk etter 2000
Onsdag 23.
Odd Børretzen sin versjon
Tirsdag 22.
Avhymningar?
Mandag 21.
Dikt om fred?
Torsdag 10.
Jenny Hval på Audiatur
Tirsdag 8.
Ni lyrikkdebutantar
Søndag 6.
Løgn og Løgn
Lørdag 5.
Søndag 6. Desember 2009
Ni lyrikkdebutantar
Lyrikk kan lesast på mange måtar, og det finst noko godt og romsleg ved lyrikk, det gjer det. Likevel må ein nok få med seg det vesentlege ved eit dikt eller ved ei diktbok for å trivast med materialet - . I år skal det vere ni lyrikkdebutantar ute. Ingunn Økland har skrive om dei alle i ein samleartikkel for Aftenposten .
Ingunn Økland festar seg ved andre sider av Knut Isachsen og Hege Siri enn eg har gjort her på nettstaden. Økland les det religionskritiske inn i Lys og løgn av Knut Isachsen, medan eg festar meg ved all sjølvransakinga. Ved Et øyeblikk noen tusen år av Hege Siri så les Ingunn Økland enkel «overoptimistisk» naturreligion i presentasjonen av joiken hos Hege Siri, medan eg les musikalsk identitet.
Eksempelvis skriv Ingunn Økland dette om Lys og løgn av Knut Isachsen (sitat):
Det er akkurat som om Ingunn Økland ikkje har lese framhaldet på diktet ho bruker som døme, tykkjer eg, men stenger av og hektar seg opp i dette - i tredje line av diktet - som står om «bønn». Diktet skildrar jo mangel på kjærleik, tykkjer eg, og kva denne mangelen skuldast, seier ikkje diktet mykje om.
Vel, det kunne nok vere idéar, range idéar, sjølvsagt, men det kunne også vere mangel på kjemi. Iallfall les eg kritikk av sjølvbedrag. Diktet er opent nok. Eg er ikkje samd med Økland. Mange av dikta handlar om «loveless love».
Her om Hege Siris bok, inklusivt om joik .
Her om Knut Isachsens Lys og løgn .

«Lys og løgn av Isachsen er en utpreget religionskritisk bok, der bønnen fremstilles som et tvungent språk. Boken har en besk tone, og Isachsen skildrer bitterheten over å være oppdradd i et univers med bud, skyldfølelse og autoritære tekster. Religionen er her blitt et maktspråk som infiltrerer selv de mest intime forhold. Ja, i enkelte dikt er seksualiteten infisert av forvridde forestillinger om inderlighet:Dei tre verslinene over hos Økland tatt frå Isachsen si samling - er byrjinga på diktet side 22; det kan eg sjå, som har boka (og som finn diktet fram). Heile dette diktet er slik:
Vi møtes som tiggere
klapper og klår hverandre
til en felles bønn
Isachsen kan minne om Steinar Opstad, men kanskje mangler han kollegaens evne til å holde tekstene åpne. Her blir kritikken utpreget kulturradikal, og den «religiøse moral» som kritiseres, har en gammelmodig aura som smitter over på diktene (sitat slutt).»
Vi møtes som tiggere
klapper og klår hverandre
til en felles bønn
Vi ligger med hverandre
Hun som den ensomme rytter
jeg fortapt på fitters dyp
Vi elsker ikke, men elsker
Gir mindre enn vi tar
og tømmer kroppen
Hun kommer og jeg går
Medlidenheten deler vi
som to proffer i hvert vårt hjørne