Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2009

Et øyeblikk noen tusen år
Torsdag 26.

Kuiper med samisk litteratur
Onsdag 18.

Oppdressa søk og ei anna sak
Tirsdag 17.

Berlinmuren fall
Tirsdag 10.

Forskarsyn på poeten JEV
Mandag 9.

Festival for ny poesi
Søndag 1.

Onsdag 18. November 2009

Kuiper med samisk litteratur

Det siste nummeret i år av litteraturtidsskriftet Kuiper rettar blikket mot den samiske litteraturen.
Kva utfordringar kjem den litterære offentlegheita i Norden i, når ho skal finne rom for samisk litteratur. Kva grep bør den samiske litteraturen gjere sjølv for å syne seg fram? Laila Stien skriv om å oversette frå samisk til norsk, Arild Linneberg skriv om samisk versus norsk rettstenkjing, og Susanna Happonen gjer ei kritisk undersøkjing av samisk utgjevingsespraksis. (Ja, alt dette får eg opplyst pr epost frå Kuiper).

Kuiper 3/4-2009 lanserast da i Karasjok førstkommande helg - i høve Nordnorske Bokdagar .



Her er mykje meir om innhaldet i Kuiper :


- Nybyrjarguide til samisk litteratur og språk.

- Øyvind Rimbereid, Anne Oterholm och Mats Söderlund uttaler seg om den samiske litteraturen sin posisjon innanfor nordiske litterære strukturar.

- Masterstudent Siri K. Gaski om nye straumdrag i samisk litteratur.

- Arild Linneberg les Ande Sombys doktorgradsavhandling.

- Vitjing i Nils-Aslak Valkeapääs hus Lásságámmi.

- Susanna Happonen dykkar i aksen forfattar - forlag - Sameting.

- Laila Stien om å oversette samisk kultur og litteratur.

- John Gustavsen om August Strindbergs samiske tilknyting.

- Fotoserie med representasjonar av ny samisk identitet i Canada.

- Ri sjølve: nye tekstar av både samiske og ikkje-samiske forfattarar.