| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Sep 2009
Oslo poesifestival 2009
Mandag 28.
Månekino på Månefisken
Torsdag 24.
Historie og sonette
Søndag 20.
Fagforbundet, Vreeswijk og valkamp
Torsdag 10.
Fattigdom og stortingsval
Onsdag 9.
Sensurert lyrikar Aukrust
Søndag 6.
Litteraturjournalistikk i eteren
Onsdag 2.
Søndag 20. September 2009
Historie og sonette
Engebret Michaelsen Mandt (1722-1781) dukka opp i eitpar historie-forteljande sonettar. Her er sonette nr 4 og 5, frå ein krans på sju, i ei fersk diktbok Kvit stein skrive av Åsmund Bjørnstad - . Og Michaelsen Mandt var «...ein kunstnarhug fraa upplyingstidi...» [Dette skal vere i følgje Rikard Berge].
Samanhengar finn du i den nye boka frå Åsmund Bjørnstad... Også den førre diktboka frå Bjørnstad - Gras - var opplysande, og denne hadde nyttevekstar som ramme og interessant tematisk mønster. Tilsvarande så har årets Kvit stein eit kunnskapsrikt tematisk mønster. Mønsteret er basert på forsegjort stein og forseggjort metall, der kulturen vendast frå tider til stader (t.d Etiopia).
Men dei ulike vekstene, naturen og nytta, er ikkje - og heller ikkje det mjuke er - forsvunne i den nyinnstilte diktverda hos Åsmund Bjørnstad.
(iv)
Eit sylvarbeid frå 1757?
Eit fåtal år før oldefars bror forsvann,
gullsmed Engebret Michaelsen Mandt,
borgar av Kragerø, i gjeldfirtt bu,
domsmann til og med, kvar vart han av
den næme sveinen med slikt hell i livet
som, då meisteren fall frå og laut i grav,
tok over gjelda, enka inklusive?
Uroleg sjel, med hug på nytt. Dyrkede
Patatos. Som faren pioner på filigran.
Så borte. I engelsk fengsel, sa eit rykte.
Brørne etterlyser han i København,
der ein Engebret Brænder udi Lære Stræde
bur inkognito med si yngre glede.
(v)
Bur inkognito med si ynge glede,
ja, men ikkje inkognito saknet
i han - ei heller skrekken: druknast nakne
i Øresund - straffa for bigami! Ve det!
men altså saknet. Slekta langt der nord.
Den friske lufta han pusta der som gut.
Brennevinet døyvde nok andres sut,
men hans? Nei. Men eit papir, eit ord - ?
Hans «Historisk Beskrivelse over Øvre Tellemarken
udi Christiansands Stift i Norge, forfattet
efter egen Undersøgning og Erfarenhed»,
vart aldri trykt. Små ord om ein fantestrek:
å sprute vatn med eit sløke-røyr!
Slik skriv han av seg lengten, før han døyr.