Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2005

Helga som var
Tirsdag 15.

Presentasjon av poeten
Tirsdag 8.

Tirsdag 8. Mars 2005

Presentasjon av poeten

Eg er forkjølt og heimeverande på kvinnedagen. Men eg kan iallfall skrive at eg i presentasjon-spalta har fått levert fleire delar etter kvart, biografiske skisser og kommentarar til analysene som blei gjort av andre tidlegare - t.d av Jan Erik Vold, Cecilie Løveid, Wenche Larsen, Jahn Thon. Stikkord: Avantgardistisk poet, brotet med institusjonen, det sjølvbiografiske, lånte identitetar, separere metriske og frie vers, m.v. Eg har også fått lagt ut del 13 av Presentasjon - med liste over heile tolv klassiske norske poetar som eg alltid har beundra.

Laurdag 19. skjer det at dei mannlege poetane Jimmy Åsen, Olaf Lundheim og eg har gjenforeining på ferjekroa Stabbestad. I si tid var vi rundt med dikt saman, til Notodden, Risør, Skåtøy, Levangsheia m.v. Dette skjedde etter fleire utgjevingar lokalt av hefter og antologiar og Kragerø-dialekten, utgjevingar snekra med Terje Skulstad i forlags-redaksjonen, for 25 år tilbake.

PS: Ei skildring av evenementet 19/3 finn du under Tilbakemeldingar: «På kro».