Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2009

Kultur og finanskrise
Søndag 30.

Kulturkamp mot Frp?
Mandag 24.

Nrk med dikt igjen
Onsdag 19.

Keivhendte, ein minoritet
Torsdag 13.

Større alternativ messe i år
Lørdag 8.

Elektronisk poesi 2009
Søndag 2.

Blues, blues
Lørdag 1.

Mandag 24. August 2009

Kulturkamp mot Frp?

Til tider har kulturarbeidarane og kunstnarane vori trukki til sosialismen eller iallfall til posisjonar til venstre for midten.

Når Frp kom på banen i norsk politikk og f.eks ville fjerne all statsstøtte til kunst og kultur, trekte dette partiet iallfall ikkje kulturarbeidarane og kunstnarane til seg. I stortingsvalkampen som går føre seg, skjer det stadig flytting av posisjonane til mange av partia, ikkje minst hos parti som Frp, Venstre og Krf, alt for å by fram eit alternativ til dei raudgrøne og oppnå regjeringsskifte. Oppropet «Kulturkampen» kan vel reknast som eit mottrekk til dette.


Rødt Telemark, som eg representerer, går inn for «permanent høgskole-utdanning for norsk folkekultur» og «styrking av nasjonale og lokale kulturhistoriske museum». Den statlege søtta til kultur for Telemark ligg langt under nivået som folketalet her krev, dette kan skje sidan fylket generelt er komme i bakleksa og stortingsrepresentantane frå Telemark er tafatte, nesten i «koma», usynlege der det skjer. Elles ønsker jo Rødt i Noreg generelt stor støtte til kunst og kultur.