| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Jul 2009
Bob Dylan: Damer i regn
Tirsdag 28.
Nabovarsel
Søndag 19.
Det kvardagslege II
Fredag 17.
Kunstutstilling
Torsdag 16.
Ebba Haslund
Søndag 12.
Tirsdag 28. Juli 2009
Bob Dylan: Damer i regn
Poetane er inga stor og travel gruppe på festivalane sommarstid langs Telemarkskysten, om du trekkjer frå visesongarane og eventuelt pop-poetane. Men Jan Erik Vold dukka opp på kvelden på pub'en Stoppn. Det var i går det. Han var saman med Kåre Virud (Notodden) og blues-orkesteret hans. Og andre halvdel av konserten showa dei Bob Dylan saman i Volds fornorska versjon, Damer i regn. Det er derfor eg kaller Vold poet (på pub). Han har ei mengd opplysningar å komme med (til eit takknemleg publikum). Virud har ei betre songrøyst enn Vold og spelar på instrumenta sine, men Volds snakkesynging får fram teksten betre, sjølv om han må halde boka opp framfor mikrofonen...
Kva er poesi utan tekst? Finst ikkje.
Og faktisk: Snakkesynging gir både sterk intensitet i uttrykket og gir ein sterk musikkrytme, det vere seg blues eller jazz eller rock. Sett saman er Virud og Vold ein sterk kombinasjon, som krev ei rekkje ekstranummer og forlenga natt.
Framleis har ikkje Bob Dylan fått nobelprisen, og han er vel framleis for aktiv på scena til det. At han er ein stor poet, er eg ikkje i tvil om, sjølv om eg ikkje rangerer kjærleikssongane (som er rockepoesi) aller høgast hos han. «Damer i regn» er tilgjengeleg i ei utgåve frå 2005. Men at han var svært interessert i damer, det skal ingen ta ifrå han. (Jan Erik Vold er god på å skildre dette.)
NB: Vold og Virud dreg straks vidare til Bluesfestivalen (Notodden) for eit par konsertar .
Her er ein smakebit frå damer i regn, sitert etter nyutgåva i 2005:
JEG KASTET VRAK PÅ ALT (I threw it all away):

Engang holdt jeg henne i armene fast
Hun var min, sa hun, til Dovre falt
Men jeg var dum som en stut
Jeg skjøv henne ut
Jeg kastet vrak på alt
Engang rådde jeg over fjell, vidde, vang
og elver som strømmet og rant
Men jeg var som besatt
og forsto ikke min skatt
før jeg kastet vrak på alt
Kjærlighet er som sola, uten den blei jorda kald
Kjærlighet, ja kjærlighet, det er sant
D'er det samme hva du tror
men kjærlighet er no' vi trenger, bror
- ta et tips fra en veteran
Så finner du en som gir deg alt det hun har:
Ta imot den varmen, ikke la den gå tapt
For én ting er sikkert
Det vil såre deg bittert
om du kaster vrak på alt
om du kaster vrak på alt