|
Fram frå gløymsla
Tirsdag 23. Juni 2009 |
|
|
Sist søndag såg vi atter ein Agatha Christie med fin Hercule Poirot: «Mord etter alfabetet». Det var engelsk tid - 1920. Seriemordar er laus. Ser ut til å vere ein galning? Og det synte seg til slutt å vere mord for vinnings skuld. Men med ei rekkje finurlege dekkoperasjonar. Og eg byrja å tenkje på eit dikt av Asbjørn Elden frå 1970-åra, eit gløymt dikt som heitte rett og slett Om Agatha Christie, med første strofe slik, ved eit fram frå gløymsla-sitat:
Agatha Christies bøker er klar politikk!
Hun beskriver krasst borgerdskapets etikk:
For å arve formuen myrder sønnen sin mor,
og datteren kveler sin far med en snor.
For pengenes skyld stikker søsken med iver
hverandre i ryggen med lange kniver!
|
|
|
|
|
|