Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jun 2009

Framand strand - distant shore
Lørdag 27.

Fram frå gløymsla
Tirsdag 23.

Det kvardagslege
Lørdag 20.

Bokbufé & backlist
Onsdag 17.

Kulturopplevingar
Mandag 15.

Nasjonar
Søndag 7.

Grense Jakobselv
Torsdag 4.

Lørdag 20. Juni 2009

Det kvardagslege

Ein gong var «det kvardagslege» ein parole i poesien. Orda passa der og da, men blei vel aldri definert nærmare. Meinte ein det trivielle? det banale? Kanskje mest det røynlege, trur no eg.

I gårsdagens nummer av Klassekampen introduserer Ragnar Hovland «Kortprosaens skapar», Peter Bichsel, på nytt og denne si korte bok Egentlig ville fru Blum bli kjent med melkemannen, frå dei tidlege 1960-åra. Her fann eg ein kort biografi over Peter Bichsel på engelsk.

Saka er den at det same omgrepet, «det kvardagslege», blir brukt ikkje så lite også i dag, særleg igjen i dag, 40 år seinare. Her vil eg berre kort få sitere eit ikkje-trykt dikt frå i fjor, kanskje eit datadikt:


Eg las eit vennedikt



Pensjonisten frå Bosnia som eg kjenner
kjem forbi
med to plastposar,
og eg spør han korleis det går.
Han svarar kvikt:
Comme ci, comme ca. Bra.


Det røynlege har nettopp noko av det dokumentariske over seg. Ein ny generasjon (t.d i 1960-åra) hadde grunn til å gripe fatt i dokumentariske vinklar. Eg prøver no å tematisere, eller like gjerne problematisere, «det kvardagslege», slikt som måtte kunne etterprøvast, og slik ein gjer dette i vitskapen. «Det kvardagslege» var nye generasjonar sitt behov for å ta eigne stikkprøver av her og no, ikkje berre byggje på mange tidlegare generasjonar sine gode observasjonar og bruk av sansane. Vel. Når tar vi i bruk litt filosofi for å problematisere «det kvardagslege»?



_________
Ps 1/7-09:
Eg kommenterte «det kvardagslege» ved utgjevinga av boka mi slutningar til knes i 2004:
Det kvardagslege. Posta av Helge 28/12-04 20.30:
Fleire tilbakemeldingar, seinast Adressa og Varden i desember, har peika på «prosaisk røynd» og på «kvardagsepisodar» i Slutningar til knes. Dette var positivt meint. (Sjå Nytt-spalta for 11.desember.) Og eg skal ikkje nekte for at fleire dikt, t.d. det opnande fletter, er kvardagsepisodar i nærbutikk og bank. Faktisk starta eg i Profil 1967 med å etterlyse meir av det kvardagslege i lyrikken: Det kvardagslege må få komme fram! Og det vil seie at diktet ser nyfikent og spent på det som ein røyner mykje og det som mange kan etterspore og vurdere.
Som døme vil eg bruke Rudolf Nilsen, han kjem inn på dei fleste spørsmål som har noko å seie for ein lyrikar. I 1929 kom den tredje og avsluttande diktsamlinga hans ut posthumt under tittelen Hverdagen, og i titteldiktat klaga han over dei etterevolusjonære tidene, over: «(...) hverdagens langsomme strid,/ alle de like, lunkne timer/ som bare er rinnende tid.» Men diktsamlinga er på ingen måte noka resignert diktsamling. Og paradoksalt inneheld ho gode dikt med kvardagslege utgangspunkt, i tillegg til gode kampdikt. (Dette var kanskje ein digresjon.)
Eg vil hevde at det finst skildringar i Slutningar til knes, liksåvelsom i Eit hus mellom andre, av skjellsetjande opplevingar, og av livs-skisser, sjå til dømes det avsluttande ein smilande påpasseleg i korridoren i boka frå 2004. Det eine treng ikkje stoppe og stengje ute det andre? Eg vil berre arrestere dette at ein ut frå det klårt konkrete omådet for livsrøynsle sluttar seg fram til og blir ved «det kvardagslege».

Parolen om «det kvardagslege» var ikkje retta imot å hente og saumfare revolusjonære tilstandar eller imot sterke kjensler, trur no eg. Parolen var rette imot vanetenkjing og mystiske interne opplevingar hausa opp og drøvtygde, dvs imot fraser og sjablongar.