|
Raude dikt?
Tirsdag 8. Februar 2005 |
|
|
Eg fekk spørsmål om å lese dikt på landsmøtet til RV (den 26.februar). Ja, det er siviliserte menneske der, så den saka er grei. Det blir anten etter ei pause, eller under laurdags-middagen, sikkert stilig. På laur-dagen skal eg elles vere delegat frå Kragerø RV, det blei eg vald til etterpå, og eg er aller mest interessert i debatten om ilandføring av gass til Noreg (Grenland) og korleis dei nyaste miljømetodane for gasskraft-verk vil slå ut for miljøet. Men politikk er mest lokalt eller globalt for meg. Eg skal bl.a lese diktet «No er det nok for ein god rapport», trur eg at eg gjer, det er side 32 i 2003-boka Eit hus mellom andre. Og så trur eg at eg vil lese eit eg ikkje har lesi før, «Blomestilkane på skrå, sa MAO» frå 2004-boka Slutningar til knes side 17, og eit nyskrivi dikt eller to.
|
|
|
|
|
|