Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2009

Forfattarane les sitt
Torsdag 30.

Inger Christensens song
Onsdag 29.

Stuntpoetane er tilbake
Tirsdag 28.

Norsk avantgarde
Torsdag 23.

Diktforum i 5 år
Mandag 20.

Tenerife eller fjord...
Lørdag 11.

Vårens dikt
Onsdag 1.

Mandag 20. April 2009

Diktforum i 5 år

I morgon er det så blitt 5 år sidan denne diktstaden starta opp med sine Nytt og sine Tilbakemeldingar og sine lengre artiklar. Formålet har vore formulert lenge og kan lesast ut frå forsida på nettaden:
«Nettstaden som eg opna i 2004, var eit bidrag til å fornye det tronge mediet frå ti-åra før, og han er eit forsøk imot eit kunnskapsbasert medium, som ikkje er fullt så tilfeldig valt høglitterært eller nisjeprega, men meir samanblanda - og meir dialogisk opent i fleire retningar. Sjølv om vi same kva - for all del - vil halde den lyriske fana høgt og akte på det eksistensielle. Kunnskap og publikum er like viktig no som før, og heller viktigare.(...)»

Det har nok skjedd mykje på desse fem åra, ikkje minst med diktspråket til mange poetar, nye og gamle. Men om mediet verkeleg har kunna nå det dialogiske stadiet, dette kan vel diskuterast. På desse fem siste åra har iallfall internett blitt mykje viktigare generelt for samfunnslivet, både for media, for reiseliv og for andre sektorar.