Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2009

Forfattarane les sitt
Torsdag 30.

Inger Christensens song
Onsdag 29.

Stuntpoetane er tilbake
Tirsdag 28.

Norsk avantgarde
Torsdag 23.

Diktforum i 5 år
Mandag 20.

Tenerife eller fjord...
Lørdag 11.

Vårens dikt
Onsdag 1.

Onsdag 1. April 2009

Vårens dikt

I mange år har fuglars og dyrs sosiale liv vore eit studieobjekt også for meg. Og eg har alltid vore fjetra av beibiar - dei kan enno ikkje snakke - sine tankar og sin sosiale omgang. Denne dagen 1. april må eg vel seie at våren har gjort sitt inntog, sidan det er blitt mildt i Kragerø. Følgjande nye vers blei formulert da eg steig på bussen ved Vidaregåande skole (på Kalstad) i dag:

Skjora byggjer reir i tre på skoleplassen
Bussjåføren meiner det må vere snikkarlinja


Sist laurdag høyrde eg eit foredrag av Thomas Espedal. Der gjorde han ei vitjing innom skjora sin sinnrike interiør-arkitektur. Og det var dette sinnrike som inspirerte meg til det improvisatoriske kortdiktet over, trur eg. Vel. 1. april blei den stoppande bussjåføren gjort merksam på dyktig reirbyggjar, av meg. Kjapt kom bussjåføren med det passande forslaget om «snikkarlinja» - .