Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2009

Intervju med Johan Jönson
Tirsdag 24.

Sterkt Hamsun-jubileum
Torsdag 19.

Ny giv for collage?
Mandag 16.

Festival om pengar
Onsdag 11.

Riina Katajavuori
Mandag 9.

Bølgeblikk med 25 kunstnarar
Søndag 8.

Arnljot Eggen
Fredag 6.

Dagens dikt: Frekk M Munthe
Onsdag 4.

Nytt litlive.no
Mandag 2.

Torsdag 19. Februar 2009

Sterkt Hamsun-jubileum

I dag startar Hamsun-jubileet... Forfattaren Knut Hamsun blei fødd i 1859, dvs for 150 år sidan. Og 19. februar 1952 døydde han. Problemet med Knut Hamsun er at han var ein verdskjend romanforfattar, men også nazist. Dette drøftar Bjørgulv Braanens leiar for Klassekampen i dag .

Den same avisa trykkjer på framsida Nordahl Griegs artikkel om Knut Hamsun frå tidsskriftet Veien frem, oktober 1936. Samtidig trykkjer avisa Ingar Sletten Kolloens nye essay, som dokumenterer i detalj Hamsuns tidlege faste ideologiske orientering. Kolloen er Hamsuns biograf.

Altså kjem dei ulike måtane å vurdere Hamsun på opp igjen for fullt no når jubileumsåret går i gang for forfattaren. Dette opnast rett etter den sterkt publikumsbesøkte Max Manus-filmen . Vel. Ute på nettet finst også min kommentar til eit par av biografiane om Hamsun. Om Knut Hamsun framleis er mykje lesen som romanforfattar, så vil også den ideologiske debatten få full merksemd.



Ps 14/3-09. Mange arrangement i jubileet... Sjå nettstaden .