Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2009

Intervju med Johan Jönson
Tirsdag 24.

Sterkt Hamsun-jubileum
Torsdag 19.

Ny giv for collage?
Mandag 16.

Festival om pengar
Onsdag 11.

Riina Katajavuori
Mandag 9.

Bølgeblikk med 25 kunstnarar
Søndag 8.

Arnljot Eggen
Fredag 6.

Dagens dikt: Frekk M Munthe
Onsdag 4.

Nytt litlive.no
Mandag 2.

Fredag 6. Februar 2009

Arnljot Eggen

Den allsidige forfattaren - godt produktiv gjennom mange år - Arnljot Eggen døydde i går, 85 år gammal. Han er kanskje aller mest hugsa som poet og songskrivar, men har også hatt ei rolle som f.eks dramatikar og som barnebokforfattar,

I 1960-åra hadde han ei parallell utvikling til danskane sin store system-diktar Inger Christensen, ho gjekk bort for ikkje lenge sidan. Og denne nettstaden har følgd dei begge - , i samlinga bjørka til Dahl og femtito kameratslege oppmodingar (2006) trykte eg nøgd dette eldre diktet om Arnljot Eggen , diktet kan siterast her:


møtet med Eggen som sekstiåring



Om morgonen vakna de begge blide
Du, Arnljot, heldt ut snorkinga
til den slitne vennen vår
Og du kjøpte straks heftet av meg
om dialekten i Kragerø
Elegansen din ligg i det absolutt enkle
sjølv om bygdeguten kunne ha briska seg
og har evner til å snakke for dei mange
Du kledde på deg, så heldt årsmøtet fram


_____
I dag - den 6. februar - er det elles ein særskilt dato, offisiell flaggdag, den samiske nasjonaldagen .




Ps 13/2: Mange kameratar av Eggen har mintest Arnljot Eggen dei siste dagane, mentest han med glede. Han rokk å setje spor hos mange. Og her er eit dikt frå Eggens store og viktige viseproduksjon, opphavleg med i diktboka Sprekker i muren frå 1969. Diktet er gjeve den ironiske tittelen Mellom kameratar og svei nok, 1969 var året Warszawapakt-landa med Sovjetsamveldet i spissen okkuperte Tsjekkoslovakia:


Glad bør du stå når vi kjem, kamerat.
Kyss skal du få og ein klem, kamerat.
Over grenser og land når vår stålpanser-hand
til så kjærleg eit tak om din hals, kamerat.

Under vår hæl på di jord, kamerat,
vaktast du vèl som ein bror, kamerat.
Kvifor vere så trist når kvar revisjonist
blir ført dit han sat i eit hol, kamerat.

Her i vår pakt går det best, kamerat.
Fridom er makt som i vest, kamerat.
Er det anna du vil, ja så klemmer vi til
til vi klemmer deg flat i vår famn, kamerat.

Vend du din rygg mot ein mur, kamerat.
Der er du trygg som i bur, kamerat.
Blir du trøytt av å stå? Om ei stund skal vi få
slik ein hyggeleg prat og bli samd, kamerat.