| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Lørdag 15. Januar 2005
Eit politisk dikt
Denne veka trykte eg diktet bakgrådsrosa i Kragerøavisa og Telemarksavisa for å påverke ei lokal miljøsak. Trass i skildringa av den vakre rosa er det altså eit politisk dikt. Diktet er her.
* Seminarnytt PLUSS: Lyrikkseminaret i Trondheim, som Hans-Magnus Ystgaard kjem inn på i tilbakemelding 10/1, blir 14.-16.april. Eg gler meg. Programmet veit eg ikkje, men så mykje: Danske Niels Lyngsø, som kjem dit, er lytta til under tilbakemeldinga Konkret poesi , respons 1/10. Svenske Bengt Emil Johnson, som kjem dit, han er omtalt via eit svar til Kjetil Aakenes, respons 21/5 om Vemund Solheim Ådland. Og Ann Jäderlund, som eg trur skal komme, var eg inne på i codaen av artikkelen kortfilm og dikt ... PS: pr 27/1 har eg lenke til festivalen.
* Seminarnytt MINUS: Prøysen-seminaret på Flisa, som skulle vere i vår og blei nemnd i Nytt-spalta, Opne dører 15/5, blir utsett pga finansielle vanskar. Du høyrde rett. Er det ikkje berre å bla opp det som trengst? Nølande støtte må da vere politikk. Alf Prøysen er og blir politikk.