Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2009

T. R. Pedersen til sjefens bord
Fredag 30.

Hødnebø til kringkastingssjefen
Tirsdag 27.

Gulliksen til kringkastingssjefen
Søndag 25.

Folkeleg surrealist
Fredag 23.

Dagens dikt, frå Nødtvedt
Torsdag 22.

Teskjekjerringprisen: Arnt Birkedal
Torsdag 15.

Palestina på alles lepper
Torsdag 8.

Giske og NRK og poesien
Tirsdag 6.

Nordens systempoet
Mandag 5.

Torsdag 15. Januar 2009

Teskjekjerringprisen: Arnt Birkedal

Poeten, låtskrivaren, forfattaren Arnt Birkedal fekk Teskjekjerringprisen, dvs ein av prisane oppretta til minne om Prøysen. Etter BT var juryen si grunngjeving slik:
Med en særegen livsfølelse, preget av varme, humor og melankoli, skriver han vekselvis dikt, sangtekster, kortprosa og romaner for barn og voksne. Tilliten til det musiske i alle mennesker ulmer mellom linjene og i det presise språket, som han finner i gliper i tida, i «glipene etter Alf Prøysen», som han sjøl beskriver det.

Gjennom 25 år har han stadig utvidet sitt litterære sted i verden: Den store, meningsfulle hverda­gen, fylt av lengsel og nødvendig opprør. Og for dere som ennå ikke har vært der, er det bare en ting å si: Velkommen til landstripa under den veldige himmelen. Alt kan skje i Arnt Birkedals poetiske univers.

Arnt Birkedal debuterte i 1983 med Balladen om hålet i dørå... Etter mi meining er han eineståande når det gjeld å omsette pop i verdsformat til norsk. I 2006 gav han ut diktsamlinga Gliper. (Jamfør juryen over.) Her er elles s 52 frå denne boka Gliper:

DRAUMANE VAR SÅ LIKEFRAMME



Draumane var så
likeframme. Ein stige rakk
frå himlane og ned. Ein bakar
fekk ete opp brødet sitt: hovudet.

Draumane var så
trekkfulle, pure.
Var bare å telja kornbanda,
kyrne. Ein mann sto på
stranda og sa: Kom til oss
i Makedonia.

Fanst ingen dinosaurar
i utmarka, ingen samanraska
skolevener. Ingen våte,
utflagra teikneseriesamlingar.
Katastrofeområde
på begge sider av riksvegen.


Eg nemnde omsetjingane hans. Her skal eg ta ei «prøve» på det, henta ifrå To veker sist sommar (1999). Og dette er ei omsetjing - kanskje ei heller sjeldan omsetjing - av kunstnaren Yoko Onos «Who has seen the wind?» (frå single, 1970):

Vinden, kven ser den


Vinden, kven ser den?
Ikkje du og eg.
Men når trea bøyer seg,
er ein vind på veg.

Å vind, vind - vind, vind, vind!

Kjærleiken me eig
ser bare eg og han.
Men når verda smiler slik,
slår vår kjærleik an.

Å smil, smil - smil, smil, smil!

Draumen, kven ser den,
draumane me har?
Men når verda demrar att,
veit me kvar me var.

Å verd, verd - verd, verd, derd!