| Heim > Nytt | 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Des 2004
Nytt år
Onsdag 22.
Ny bokmelding av Slutningar
Lørdag 11.
Kjøpe bok av Helge Rykkja? Postsal
Tirsdag 7.
Grep om forfattarskapet?
Søndag 5.
Påminning
Onsdag 1.
Onsdag 22. Desember 2004
Nytt år
Nettstaden fyller no snart ni månader; ingen stor alder - og utan at dei endelege planane bak er fullt ut offentleggjorde... Helsing Helge R
PS 4.januar: Det skal vere solidaritetsarrangement 23.januar i Ibsenhuset, Skien, der eg skal ta del. For dei flodbølgjeramma i Asia.
Meir nytt i dag 4.januar: Mona Vetrhus, som eg bruker eksempel frå i artikkelen om kortfilm og dikt, har fleire dikt på baksida av Klassekampen i dag. Og den andre som eg brukte eksempel frå i artikkelen, Thor Sørheim, kjem med ny diktbok nett denne månaden, fekk eg vite i dag.
Kalendernytt: Ullensvang bibliotek festa diktet mitt «fire portrett» på biblioteket sitt juletre eller julekalender, har eg forstått etter at advents/ juletida er over. Trykk på talet to på treet. Talet ein på treet er Advent - Inger Hagerup. Talet tjuefire er derfor Kling no klokka av Elias Blix. Og her er plassert norske og utanlandske visdomsord, Hanne Ørstavik og klassikarar som Johan Herman Wessel og eit par kakeoppskrifter - på kalenderen til biblioteket. (Nede på sidene trykkjer du på «attende til kalendaren».)