|
Sabotasje-helt
Tirsdag 30. Desember 2008 |
|
|
Inger Hagerup skreiv diktet «Austvågøy» etter den tyske hæren sine represaliar på Lofoten-øya under 2.verdskrig. Personleg har eg erfart at desse diktlinene kan vere noko av det mest fascinerande for heilt unge menneske å deklamere (dersom dei tar ut fritt ein tekst for å deklamere).
De brente våre gårder.
De drepte våre menn.
La våre hjerter hamre
det om og om igjen.
La våre hjerter hugge
med harde, vonde slag:
De brente våre gårder.
De gjorde det i dag.
De brente våre gårder.
De drepte våre menn.
Bak hver som gikk i døden,
står tusener igjen.
Står tusen andre samlet
i steil og naken tross.
Å, døde kamerater,
de kuer aldri oss.
Og i går var eg og såg filmen Max Manus. Max Manus var leiar for ein sabotasjegjeng i Oslo, som senka krigsviktige skip på hamna og også øydela sivile nasjonale kartotek som var så viktige for okkupanten sine krigsplanar. Som alle gode filmar har forteljinga skori bort mange - i seg sjølv veldige - bitema, når filmen einast skildrar Max Manus si verksemd rett før og under krigen.
Ved å fokusere på moralske dilemmaer ved krigssabotasje får M Manus fram mykje av krigen si kjerne for dei fleste av oss. Og her i Kragerø går folk mann av huse, og faktisk i enda større grad enn ved Mamma Mia, filmen som eg rapporterte om 3/10 (Nytt) som eit veritabelt trekkplaster .
|
|
|
|
|
|