Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2008

Opphald ved Mao-sitat
Onsdag 26.

Formatet i litteraturen...
Torsdag 20.

Poesi og pengar
Mandag 17.

Dikt har plass på nettet
Fredag 14.

Tandempar Kim og Blatt
Søndag 9.

Vår Herres klinkekule
Lørdag 8.

Ein beat som gret (av glede)
Søndag 2.

Torsdag 20. November 2008

Formatet i litteraturen...

Introduksjon av forlaget Attåt og Attåt sine bokformat:
Og kvifor vere stor når ein er lykkeleg som liten - ? La oss snakke om bokverda no. For ti år sidan heitte det ofte ”sjanger” i litteraturverda. Men dette held på å endre seg. I musikk er format blitt eit svært vanleg brukt ord om musikkmarknaden: cd, mp3, radio, og dette vil da seie både ulike valde musikkformat og dertil finrekna kvalitetar og preferansar...

Litteraturen kjem så etter med å utvikle nytt. Særleg gjeld dette for så mange gonger mindre trykkformat enn den tradisjonelle bibliotekbok-storleiken. Forlaget Gasspedal starta 2003 med siders A6-kortformat for sin internasjonale serie. (Kvar side i A6 er halvparten av vanlegaste A5-format, som er vanlegaste diktsamling- og romantrykk.)

Men meir nytt i den leia kjem til. Det heilt ferske bokforlaget Attåt i 2008 eksperimenterer vidare der andre har starta, miniformatet deira har fått individuell utforming på alle måtar, bøkene er blitt handgjorte og blitt bundne med tråd – etter stadig meir tiltatt inspirasjon frå biletkunsten over inn i ordpoesien. Og det poetiske innhaldet er meir hekta på variert fysisk teknikk og på overskriding enn før...

Vi er da komne langt vekke ifrå det grove og velregisserte men tilfeldige pallesalet i norsk bokhandel. La meg så velje og bruke eit par døme på forsiktige tilbod frå nemnde Attåt forlag:

Svenske Johan Jönson sitt verk Att att dröngrajma - blei rett og slett tinga frå Noreg. Netttidskriftet nypoesi tinga det i 2006. Og no er det blitt utgjeve av Attåt i eit slags A5-kvadratformat med 17 sider tekst, handlaga med tråd. Ein undrande litterær monolog vekslar med i delar enkel filosofisk dialog hos Johan Jönson. Berre stykkevis – slik som i tittelen – er teksten inspirert av Gunnar Björlings eksperimentelt syntaktiske poesi. Johan Jönson har elles produsert ei rekkje bøker sidan 1992, det siste utgjevne er det omfangsrike Enligt arbetsschema (2008) .

Og dei andre utgjevingane på Attåt har - som sagt - sitt eige tilpassa kortformat, og dei tar - dei fleste - minimal plass i lomme eller hylle. Med eitt unntak, og det er: A4 – 1 (her måtte eg jukse på tittelen). Vel, dette er rett og slett stort A4-hefte (brukt tråd) og er eit tidsskrift, eit nytt tidskrift, som på fleire måtar minner om Profil mot slutten av 1960-åra. Tekstane er trykte relativt tettgåande, slik som ved montasje. Heile A4 trengst! Her deltar 18 personar, somme er reltativt nye namn, andre er blitt internasjonale storleikar.

___

Skrifter som er omtalte her, kan fåast ved f.eks å kontakte og tinge frå Audiatur nettbokhandel.




Ps: Og her er ei vurdering som eg gjorde av Gasspedal , når deira serie hadde haldi på ei stund, i 2005.


Ps 26/11: Slik set Knut Faldbakken nokre nye utgjevingar på Gasspedal i samband med Undergrunn i 1960-åra .


Ps 6/12: Johan Jönsons nemnde roman frå 2008, Enligt arbetsschema, er blitt innstilt frå Sveriga til Nordisk Råds litteraturpris . Og her lenker eg Susanne Christensens melding i Klassekampen .