Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2008

Opphald ved Mao-sitat
Onsdag 26.

Formatet i litteraturen...
Torsdag 20.

Poesi og pengar
Mandag 17.

Dikt har plass på nettet
Fredag 14.

Tandempar Kim og Blatt
Søndag 9.

Vår Herres klinkekule
Lørdag 8.

Ein beat som gret (av glede)
Søndag 2.

Fredag 14. November 2008

Dikt har plass på nettet

La oss ta eit døme på søkeord på nettet, det er ikkje alltid like lett ved søkeord å tolke formålet, men. Vi ser to søkeord frå i dag: Mellom ting. Dette er to vanlege ord, og kanskje har søkaren planlagt «mellomting». Treffa på dei to søkeorda blei mange her, i dag over tre MILLIONAR treff... På andreplass i den lange lista kjem dette diktet mitt, med ordet «mellomting» brukt eit par gonger:


Ein mellomting, er det sagt om meg


Mi tid er brulagt
med endelause, gode forsett.
Eg er den mellomste Bukken Bruse.
Oskeladden er eg ikkje.
Og det halve kongeriket
vinn vi ikkje ved kommunevalet.
Kva gjer eg ved brua?
Mi tid er brulagt. Eg er ein mellomting



På nettstaden har eg eit teljeapparat for treff. Og søkaren på dei to orda Mellom ting har vori innom i alt 7 sider - ser eg - på nettstaden (m/ dikt & artiklar om dikt). Ser vi her kanskje eit eige diktpublikum, eit nytt eige diktpublikum - ? Det håper eg da verkeleg at vi får sjå snart.