Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2008

Opphald ved Mao-sitat
Onsdag 26.

Formatet i litteraturen...
Torsdag 20.

Poesi og pengar
Mandag 17.

Dikt har plass på nettet
Fredag 14.

Tandempar Kim og Blatt
Søndag 9.

Vår Herres klinkekule
Lørdag 8.

Ein beat som gret (av glede)
Søndag 2.

Søndag 2. November 2008

Ein beat som gret (av glede)

Eg fekk denne boka frå forlaget for eit par dagar sidan. Ekspenderande beatlitteratur er gjort; nokon skriv livet sitt og bruker eit breitt lerret og ein myndig pensel. (Ikkje forlaget som seier det.) Det er Hege Susanne Bergan som alt er ute med si andre bok, som er langdiktet Jeg sier hele tiden ting som: Kjærlighet.


Brukt spenn som erkjenningsmetode?

Spenn: Dette gjeld både tid og form og psyke.
Form: *Frå stram poesi til utleverande prosastil. *Frå erkjenningsfilosofi til jentebiografi (med mange kjærleiksforhold).
Tidsspenn: Frå 3-årsalder til 24-årsalder.
Psyke: Går frå stor indre TVIL til sjølvkjensle, til nesten irriterande sterk sjølvkjensle!
Spenn mellom studentliv og eteforstyrring (å ikkje kjenne svolt)?
Gråt er eit tema i boka. Og det er stort spenn i gråt når han ikkje skjer av pine, men av glede.
Stort spenn, mykje spenn, ikkje berre litt fram-og-tilbake..

Det står masse på sidene. Og det er over 200 sider, som går gjennom: (...) Oppmerksomhet (...) Hjemmeboer (...) Elskov (...) Overlevering (...) Sjekking (...) Streben (...).


Det moderne menneske si erkjenning, tolkar eg. Dette er beat BEAT, dette er song.. Og det får heilt sikkert lesarar, spår eg.



Hege Susanne Bergan debuterte med Ikke noe av dette står om livet .